Rekordmange førespurnader om eteforstyrringar
Rådgiving om spiseforstyrrelser (ROS) fekk nesten 11.000 førespurnader i fjor. Det er 13 prosent fleire enn året før og det største talet nokosinne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ved alle dei lokale sentera til ROS fortel rådgivarar at stadig yngre barn kjem til samtale, med meir alvorleg sjukdom og ofte tilleggsproblematikk som angst og depresjon, melder organisasjonen. Fleire av sentera har hatt så stor pågang at dei har måtta operere med ventelister.
– ROS opplever ein enorm auke i førespurnader frå barn og unge som strevar med forholdet sitt til mat, kropp og vekt, seier fagleg ansvarleg Line Orvedal.
Organisasjonen svarte på nesten 4.000 førespurnader på chattenesta i fjor – 25 prosent fleire enn i 2019.