Biskopane ber kyrkjene vurdere å utsetje konfirmasjonane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Biskopane har fått mange spørsmål om det er mogleg å gjennomføre konfirmasjonane i vår, og ser at det er store lokale variasjonar i smittetrykk og restriksjonar. Derfor tilrår vi kyrkjelydane å gjere eigne vurderingar ut ifrå situasjonen hos seg, seier preses Olav Fykse Tveit i ei pressemelding torsdag formiddag.

Han er den leiande biskopen i Den norske kyrkja.

Avisa Dagen var først ute med å omtale tilrådinga frå biskopane.

Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, seier biskopane anbefalar kyrkelydane å vurdere å utsetje konfirmasjonane denne våren. Foto: Bo Mathisen

Ber kyrkjelydane leggje planar

– Det er usikkert når regjeringa opnar for meir aktivitet, og kva tiltak som vil gjelde utover våren på grunn av forseinka vaksinasjon og nye mutasjonar. Derfor bør kyrkjelydane leggje lokale planar og vurdere om det er nødvendig å utsetje konfirmasjonane, seier Fykse Tveit.

I 2019 vart 54 prosent av 15-åringane i landet konfirmerte i Den norske kyrkja. Ein stor del av konfirmasjonane skjer mellom april og juni. Dette påverkar derfor mange familiar.

– Det er ingen som ønskjer å utsetje konfirmasjonane. Dersom kyrkja lokalt vurderer at det er nødvendig, er det betre for konfirmantane og familiane deira å få beskjed tidleg, seier Fykse Tveit.

Biskopane vil saman med Kyrkjerådet kontakte departementet for å etterspørje føreseielege rammer for våren.

Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin. Foto: Wikipedia

Kyrkjelydane bestemmer

Dagen skreiv onsdag at Birkeland kyrkjesokn i Bergen, som er ein av dei største i landet, har valt å utsetje konfirmasjonane i vår til hausten.

Torsdag og fredag er det kyrkjerådsmøte. Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin, trur konfirmasjonsutsetjingane vil bli drøfta der.

– Men til sjuande og sist er det ikkje biskopar eller kyrkjeråd som bestemmer, men kyrkjelydar og kyrkjelydsråd, seier Nordhaug.