Tidenes største klimaundersøking: – Folk flest vil ha omfattande politisk respons

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FNs utviklingsprogram har utført den største meiningsmålinga om klimaendringar nokon sinne – heile 1,2 millionar menneske i 50 ulike land har svara.

Nesten to av tre (64 prosent) meiner klimaendringane er ei global krise.

Beskjeden frå desse er klar: Dei vil ha klimahandling no.

Når dei unge via Angry Bird

– Peoples’ Climate Vote har levert ei skattekiste av data, som vi aldri har sett før, om meiningane til folk, seier sosiologiprofessor Stephen Fisher i ei pressemelding.

Fisher er tilsett hjå Universitetet i Oxford, som utførte undersøkinga mellom oktober og desember i fjor i samarbeid med FNs utviklingsprogram.

– Anerkjenning av klimakrisa er mykje meir utbreidd enn tidlegare trudd. Vi har òg funne at folk flest tydelegvis vil ha sterk og omfattande politisk respons, held Fisher fram.

For å sikre at stemmer som plar vere vanskelege å nå – som unge under 18 år – også kom med, tydde ekspertane til mobilspel.

På populære spel som Angry Birds, Words with Friends og Subway Surfers vart den vanlege spelreklamen bytt ut med meiningsmålinga. Over ein halv million menneske under 18 år svara.

Ikkje noko stort generasjonsgap

Resultata frå meiningsmålinga syner at heile 69 prosent av unge mellom 14 og 18 år meiner klimaendringar er ei global krise. Men undersøkinga syner ikkje noko stort generasjonsgap – majoriteten i alle aldersgrupper meiner det same.

65 prosent av dei mellom 18 og 35 år svara at klimaendringar er ei global krise, og det same gjorde 66 prosent av dei mellom 36 og 59 år, og 58 prosent av dei over 60.

Arkivbilete frå skulestreik og Klimabrølet i Oslo, 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Samstundes var det flest som meinte at klimaendringar utgjorde ei global krise i Storbritannia og Italia, der heile 81 prosent støtta utsegna. Minst støtte fanst i Moldova, der 50 prosent svara det same.

Av dei som meinte at klimaendringar er ei global krise, ynskja heile 59 prosent at verda burde «gjere alt som er nødvendig, raskt».

Slik bør politikkskaparane handtere krisa

– Resultata frå undersøkinga syner klårt at hurtig klimahandling har brei støtte blant folk kloden rundt, på tvers av nasjonalitetar, alder, kjønn og utdanningsnivå. Men meir enn det, undersøkinga syner korleis folk vil at politikkskaparane skal handtere krisa.

Det seier Achim Steiner frå FNs utviklingsprogram i ei pressemelding.

I undersøkinga vart respondentane spurde om kor vidt dei støtta 18 ulike klimatiltak fordelt på seks ulike sektorar: energi, økonomi, transport, landbruk og mat, natur og vern av folk.

Undersøkinga synte at desse tiltaka hadde breiast støtte globalt:

  1. 54 prosent støtta konservering av skog og landområde 
  2. 53 prosent støtta sol-, vind- og fornybar energi
  3. 52 prosent støtta klimavenlege landbruksteknikkar
  4. 50 prosent støtta auka investering i grøne bedrifter og jobbar. 

Den minst populære klimahandlinga er å promotere plantebasert kosthald, noko som berre 30 prosent av dei spurde støtta.

– Nøkkelbeskjeden er at medan styresmakter tek desse viktige avgjerslene, så er folket med dei, seier Cassie Flynn, strategisk rådgjevar innan klimaendringar hjå FNs utviklingsprogram, til The Guardian.


  • Les også: Miljøorganisasjonane reagerer på at regjeringa deler ut nye oljelisensar: – Det er skummelt

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU