«EU-byrået Frontex bryt menneskerettane»

Frankie Rød (21)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det vert ofte sagt at kvaliteten på eit samfunn kan verte målt ut frå korleis ein behandlar dei svakaste.

I så fall står EU til stryk, for dei fører ein flyktningpolitikk som ikkje berre er uetisk, men òg bryt med menneskerettane.

Ulovleg snuoperasjon

2. mars var Frontex, EU sitt grense- og kystvaktbyrå, involvert i ei sak der det vart forsøkt begått brot på menneskerettane. Frontex er ein del av EU sitt grensesamarbeid, Schengen. Her er også Noreg medlem. 

Dei prøvde å dytte ein båt som akkurat hadde nådd greske farvatn attende til Tyrkia. I båten var det 33 flyktningar. Operasjonsleiaren gav ordre til den danske marinen om å taue båten tilbake til den tyrkiske kysten, men leiaren på det danske skipet nekta.

Det å søkje asyl kor ein vil er ein menneskerett, og når ein snur ein båt, slik som Frontex prøvde på her, så bryt ein menneskerettane.

Å søkje asyl kor ein vil er ein menneskerett

Det skulle verte granska internt i Frontex, men lekka interne dokument synte at det aldri føregjekk noko gransking, og at det heller vart dytta under teppet.

For kring tre veker sidan vart dette avslørt av media, og først då innrømma Frontex i interne dokument at noko hadde skjedd.

Det er ikkje første gong Frontex har forsøkt å snu båtar i Middelhavet, og det vert nok ikkje siste. Ein rapport frå United Against Racism kom fram til at 36.000 flyktningar hadde omkome som ein konsekvens av EU sin flyktningspolitikk.

Bekymringsverdig

Det er bekymringsverdig at eit organ som har så stor makt som Frontex, vel å misbruke den makta til å snu båtar. Denne uviljen til å granske seg sjølv er også bekymringsverdig. Om dei ikkje ynskjer granskingar, er sannsynet stort for at det same kan skje igjen.

EU har heller ikkje reagert på dette. Det er i seg sjølv problematisk at eit organ skal granske seg sjølv, men det er også eit problem når dei ikkje gjer det, og EU vel å ikkje gripe inn.

EU likar å sjå seg sjølv som nokon som opprettheld menneskerettar, men sanninga er at deira inhumane flyktningpolitikk bryt med dette.

Noreg er medlem i Schengen. Slik bidreg vi også til denne inhumane handsaminga av flyktningar.

Vil vi ha ein reell, god flyktningpolitikk i Noreg, så må vi ut av Schengen.

Vi kan ikkje gamble med liva til dei svakaste i samfunnet.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Les også syriske Shakib (13) som utfordra statsministeren på flyktningpolitikk: – Viss Moria-flyktningane også får komme hit, kan barna sleppe å svelte

Syskena Lamis (10), Shakib (13) og Leen (16) har sjølv kjend på kroppen korleis det er å flykte frå krig og elende. Foto av Erna Solberg (H): Torbjørn Kjosvold, Forsvaret / Statsministerens kontor på Flickr/ CC BY-NC 2.0. Foto av Lamis, Shakib og Leen: Janne Nerheim. Kollasj: Framtida.no