I tillegg har det vorte større etterspurnad etter uniformar til bod som kjem på døra.
mm

Fleire europeiske land gjekk inn i det nye året med portforbod, mellom anna Frankrike, Hellas, Italia og Spania.

Også Nederland annonserte laurdag at dei ville innføra portforbod frå tysdag denne veka, noko som inneber at folk må halde seg innandørs frå kl 20.00 til 04.30, melder Reuters.

Unntaka er for naudsynte tenester, inkludert matlevering på døra, og naudsynte ærend, som lufting av kjæledyr.

300 vil gå tur med hundar

Dette har ført til auka pågang for ein nettstad som let frivillige gå tur med hundar.

– Me får normalt 10 tilbod i veka og sidan dei annonserte planar om portforbod på tysdag har me fått 300, seier Jos van Prooijen til nyheitsbyrået Reuters.

Illustrasjonsfoto: P. BC

I tillegg har nettstaden Marktplaats.nl sett seg nøydd til å slutta å selja jakker og kle frå kjente leveranseselskap, etter ei auke i førespurnaden.

Nokre tilbyr leveringsboksar til 50 euro, noko som potensielt kan spara nye eigarar for ei bot på 95 euro, for brot for portforbodet.

Solberg opnar for portforbod

Her i Noreg har regjeringa sendt ut eit høyringsforslag om portforbod og statsminister Erna Solberg (H) har uttala at det kan bli innført om det vert naudsynt.

– Ingen ønskjer portforbod i Noreg. Men om smitten kjem heilt ut av kontroll, slik at liv og helse for mange menneske blir alvorleg truga, kan det vere det siste verkemiddelet vi har å gripe til, sa statsministeren til Stortinget ifølgje Dagsavisen.

LES OGSÅ

ANNONSE