Fem amerikanske klassikarar du bør lese

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Moby Dick – Herman Melville (1851)

Romanen skildrar ei fangstreise ombord på skipet «Pequod», sett gjennom augo til hovudpersonen Ishmael. Kapteinen på skipet, Ahab, er besett på å jakte på den kvite spermkvalen Moby Dick. Kapteinen manglar eit bein, som han mista i eit tidlegare møte med kvalen.

Sidan den tid har han vore som besett «for å jage den hvite hvalen på begge sider av fastlandet og over alle hav på jorden, til blåsten hans er sort blod og finnene hans står stille».

Romanen blir rekna som eit av dei viktigaste verka i USA sin litteratur.

Onkel Toms Hytte – Harriet Beecher Stowe (1852)

I romanen følgjer ein slaven Tom, som er tru til eigaren sin, trass i at han blir mishandla. Samstundes, følgjer ein slaven Eliza og sonen Harry si flukt mot Canada, der slaveri var ulovleg i tida romanen er sett til. Alle tre oppheld seg i byrjinga av boka hjå familien Shelby, som må selje Harry og Tom då han har oppgjort seg gjeld.

Intensjonen til forfattaren var å setje lys på det umenneskelege ved slaveriet og mange meiner at publikasjonen var med på å bidra til at slaveriet vart avskaffa i 1863.

Romanen blir rekna som ein av verdslitteraturens mest lese og omsette bøker.

Huckleberry Finn – Mark Twain (1884)

Huck Finn er ein fjorten år gamal gut som har vakse opp utanfor sivilisasjonen.

Huck er eigentleg rik, då han og kompisen Tom Sawyer fann ein skatt i romanen ved same namn, som Huckleberry Finn byggjer på. Då den alkoholiserte far hans gjer krav på han, med mål om å få tak i pengane, flyktar han nedover elva Mississippi saman med slaven Jim.

Etter kvart kryssar Tom og Huck sine vegar igjen, og romanen gir ei fin skildring av vennskap, men inneheld og subtil samfunnskritikk om klassekamp og rasisme. Det kjem særleg til syne då Jim blir teken av dusørjegarar og Huck og Tom går inn med liv og lyst for å frigjere han.

Den store Gatsby – F. Scott Fitzgerald (1925)

Den mystiske og tilbaketrekte Jay Gatsby er millionær, og arrangerer selskap med hundrevis av gjester. Han har jobba seg til alt han kan peike på, men lengtar likevel etter det umoglege, hans kjære Daisy, som no er gift med ein annan.

Daisy svikta Jay tidlegare i livet, då ho ikkje ville ha han fordi han var fattig. Av den grunn gifta ho seg med den rike og brutale Tom Buchanan. Etterkvart ser det ut som at det går Gatsby sin veg, men forholdet får store konsekvensar.

Handlinga er lagt til 1920-åra, åra før det store krakket i 1929, og gir eit godt bilete av det sosiale og moralske forfallet i Amerika i tida romanen vart skriven.

Drep ikke en sangfugl – Harper Lee (1961)

Omslag: Aschehoug

Romanen handlar om den seks år gamle Jean Louise Finch, som bur saman med far sin Atticus og storebroren Jem. Atticus jobbar som advokat, og får i oppdrag å forsvare uskuldige Tom Robinson, ein svart mann som er sikta for å ha valdteken ei kvit kvinne.

Handlinga går over tre år, og gjev ei god skildring av både slaveriet og den store depresjonen i den fiktive sørstatbyen Maycomb i Alabama.

Parallelt, blir Jean Louise og Jem vener med guten Dill. Dei tre barna er både livredde og fascinerte over den tilbaketrekte naboen deira «Boo» Radley, som dei prøver å lokke ut av huset. Det gjer tematikken fin, og gripande om venskap og moral.


Ta ein kik i bokhylla til Sophie Elise! Om ho skulle invitert ein forfattar på middag, hadde det vorte Jonathan Safran Foer: – Fordi han både er hot og har kule meiningar.

Sophie Elise (25) har gjort stor suksess med sine to førre bokutgjevingar og er no aktuell med «Ting jeg har lært». Foto: AKAM13/Strawberry Publishing