Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2021 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rabbit Hole

Rabbit Hole er ei spennande historie som viser korleis internettalgoritmar bidreg til radikalisering. The New York Times-reporter Kevin Roose møter 26 år gamle Caleb Cain, som har falle ned i kaninholet og kome opp att. Han fortel historia om PewDiePie og den dedikerte følgjarskaren hans.

Det er berre å finne fram øyreproppane.

Dolly Parton’s America

Dolly Parton’s America var ein av dei beste podkastane i 2019. Programleiar Jad Abumrad reflekterer over det amerikanske samfunnet i samtale med Dolly Parton, som han har funne ut er ein av dei mest samlande skikkelsane i amerikansk kultur.

Om du ikkje elska Dolly Parton frå før, kjem du i alle fall til å gjera det etter å ha høyrd denne.

Floodlines

Denne podcasten frå The Atlantic toppa The New York Times si liste over beste podkastar i fjor. Serien tek eit skikkeleg djupdykk i kva som skjedde etter at orkanen Katrina traff New Orleans, for, som dei seier i podkasten, så var ikkje orkanen den verkelege krisa.

Nice White Parents

Her har skaparane av supersuksessen Serial og The New York Times slått seg saman for å fortelje om segregering i amerikanske skular.

Chana Joffe-Walt la merke til at påfallande mange kvite foreldre flokka til ein skule, der brorparten av elevane var farga. Då dei ikkje fekk borna sine inn på skulane dei hadde sett føre seg, kjem dei velmeinande kvite foreldra til ein internasjonal skule i New York. Men er det integrering?

Reveal Presents: American Rehab

Slavearbeid er avskaffa i USA? Eller er det det? I denne podkasten kjem det sjokkerande avsløringar om korleis avhengige i rehabilitering vert utnytta, og korleis bransjen har utvikla seg frå 50-talet og utover.

Unfinished: Short Creek

Her har reporterane brukt ikkje mindre enn fire og eit halvt år på å dokumentere ei gruppe mormonarar som har brote ut frå kyrkja og lever i eit polygamisk samfunn på grensa mellom Utah og Arizona.

Her er opprørande historiar om å bli tvangsgifta som 14-åring, bryte ut, men òg korleis det er å vekse opp i ein familie med tre mødrer og nesten 50 søsken.

Wind of Change

Denne artige historia som tek føre seg eit rykte om at CIA skreiv Scorpions-hiten Wind of Change er både underhaldande og gjev innsikt i korleis kulturkrigen medan aust og vest har vore ført opp gjennom tidene.

1619

I 1619 kjem det første skipet med afrikanske slavar til den engelske kolonien i Virginia, og 250 år med slaveri følgde. I denne podkasten frå The New York Times granskar Nikole Hannah-Jones korleis slaveriet har vore med å forme notida, og det USA som har oppstått – frå tilgangen på helsehjelp til kven som eig jorda ein bur på.


Les også saka: 13 Trump-augeblikk vi aldri kjem til å gløyme – frå covfefe då han ville kjøpe Grønland

Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0