Fem frykteleg skremmande framtidsdystopiar

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når eg har lese dystopiske bøker er det noko som slår meg kvar gong: det er noko anna.

Nynorskordboka skildrar ordet «dystopi» som «beskriving av eit tenkt samfunn der alt er ubehageleg, kaldt og umenneskeleg». Det kan vera med på å byggje opp om nettopp det. Det er noko anna, men noko anna i ei framtid ein gjerne vil vera forutan.

Her kjem ei kort innføring i fem framtidsdystopiar eg har lese og vil tilrå vidare!

1984 – George Orwell (1949)

Med tanke på den aukande bruken av overvaking, særleg i land som Kina og Russland blir denne boka meir aktuell – og skremmande enn nokon gong.

I eit samfunn der ein alltid blir halde auge med handlar romanen om at ein av menneska sine mest grunnleggande rettar blir teken bort: nemleg fridomen.

Boka er sett i eit dystopisk Storbritannia i 1984, som er innlemma i supermakta Oceania og prega av konstant krigføring, masseovervaking og omfattande menneskerettsbrot.

 

Tjenerinnens beretning – Margareth Atwood (1985)

Romanen er sett i postmoderne tid i republikken Gilead. Regjeringa er blitt styrta og ei konservativ religiøs sekt har laga ein ny sosial orden prega av patrikalisme og undertrykking.

I det nye klassesystemet har ikkje kvinner lenger lov til å lese, jobbe eller ha pengar; dei er berre verdsatt for evna deira til å få barn.

Romanen, som er gjort til ein TV-serie i 2017 er meir populær enn nokon gong, og framleis like aktuell.

Med levande skildringar, klarer Atwood å skildre ei røynd som er fjern, men likevel ubehageleg nær.

Solaris korrigert – Øyvind Rimbereid (2004)

Handlinga i titteldiktet er sett til år 2480 i framtidsbyen Stavgersand.

Diktet er episk med eit science-fictionmotiv der eg-forteljaren er operatør for et lag av robotar som utfører vedlikehald på undersjøiske røyr på havbotnen utanfor kysten av Rogaland.

Handlinga er sett til eit høgteknologisk univers prega av klasseskilje og med spor av økologiske katastrofar, som har råka delar av jorda.

Språket er ei blanding av stavangerdialekt, låglandsskotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og oldnorske former – eit språk som gjer diktsamlinga til noko anna verd å lese i seg sjølv.

Bienes historie – Maja Lunde (2015)

Denne prisvinnande romanen er særs aktuell med tanke på klima- og miljøkrisa me står ovanfor – ei krise som vil få fatale konsekvensar om ein ikkje gjer omfattande endringar i både system og på individnivå.

Det gjer at sjølv om boka er ein dystopi, ligg det tenkte samfunnet der alt er «ubehageleg, kaldt og umenneskeleg» nær ei røynd som kan bli verkelegheit.

Igjennom romanen følgjer ein tre historier, frå tre ulike historiske tider som likevel heng saman. Om du ikkje er det frå før – inspirerer Bienes historie ein til å bli miljøaktivist!

Og skipet siglar vidare – Mads Rage (2018)

Kva som har hendt med verda i denne romanen er usikkert, men ein får ei aning om at det er lenge sidan det skjedde og mykje kunnskap og visse har gått tapt sidan den tid. Det gjer romanen til ein slags omvendt sci-fi, der menneska lever av og på fjorden.

På skipet, som mannskapet lever på er dei einsame, men likevel aldri åleine.

Det er eit aspekt ved romanen som gjer at den kan samanliknast med kvardagen til folk flest under koronakrisa. I tillegg til dette er den fullspekka av metaforar med eit framifrå språk – som attpåtil er på nynorsk!

I bakgrunnen er Joaquin Phoenix i rolla som Arthur Fleck i storfilmen The Joker. I forgrunnen forfattar Mads Rage. Foto: Marie Sjøvold, Samlaget