Vår faste bokmeldar Magnus Rotevatn (17) skriv om bøkene som vekte lesegleda hans.
mm

Sofies Verden

Sofies verden

Denne romanen av Jostein Gaarder er ei spennande forteljing om filosofi. Me følgjer Sofie som ufrivillig er elev ved eit kurs i filosofi, og me blir med på hennar reise gjennom filosofihistoria og jakta på kven som står bak filosofikurset.

Utgåva mi er lesen så mange gongar at eg har måtte teipe fast fleire sider som losna.

Harry PotterHarry Potter

Bøkene om Harry Potter skrive av J.K. Rowling er blant dei mest populære bøkene i verda. Magien, rollegalleriet og ikkje minst kampen mellom Harry og Voldemort har fascinert millionar av barn og vaksne.

Dette var den første bokserien eg las på engelsk og på den måten opna desse bøkene ei enda større bokverd for meg.

Eg innrømmer gjerne at eg er Harry Potter-nørd og har brukt både tid og pengar på ulike Harry Potter-ting, ulike utgåver av Harry Potter-bøkene og annan Harry Potter-litteratur tar opp ein stor del av plassen i bokhyllene mine. Eg anbefaler spesielt dei utgåvene som er illustrert av Jim Kay.

Der Struwwelpeter

Høgtlesnad er noko av det beste finst. Den boka eg hugsar aller best at vart lesen høgt for meg er Der Struwwelpeter oder lustige Geschichten und drollige Bilder eller som boka heiter på norsk Busteper, eller Morsomme fortellinger og pussige bilder.

Mormor las og omsette denne boka for meg fleire gongar då eg var liten.

Der Struwwelpeter er ei samling med ti små forteljingar om ulydige barn og korleis det går med dei. Boka vart skrive av legen og psykiateren Heinrich Hoffmann i 1844.

Donald

Donald Duck & Co

Teikneseriane om Donald Duck og Andeby-gjengen varierer veldig i kvalitet, frå gørrkjedeleg søppel til litteratur i verdsklasse.

Som tiåring slukte eg Donaldblad etter Donaldblad, og det gav meg mykje lesetrening. Donald har òg vore viktig for meg fordi teikneseriane gav meg interesse og inspirasjon til å teikne sjølv.

Mio. min Mio

Mio, min Mio

Mio, min Mio av Astrid Lindgren er kanskje den beste fantasyboka som er skriven.

Den foreldrelause guten Bosse kjem på magisk vis til Landet i det Fjerne og det viser seg at han er den forsvunne prinsen Mio. I Landet i det Fjerne bur òg riddar Kato, han har eit hjarte av stein og har teke barn til fangar og forvandla dei til fuglar. Skjebnen til Mio er å ta opp kampen mot riddar Kato.

Ei oppsetjing av Mio, min Mio på Rogaland Teater er òg ein av dei første teateropplevingane eg hugsar og den gjorde inntrykk på meg, kjensla av å sjå den skumle riddar Kato og tenarane hans sit framleis i meg.

bibelenBibelen

Bibelen er eit skattekammer med spennande forteljingar som både kan underhalde og utfordre barn og vaksne, kristne og ikkje-kristne.

Eg er oppvaksen i Frelsesarmeen og har fått bibelhistoriene inn med morsmjølka.

Fleire av forteljingane i Bibelen har vore viktige for meg, nokre favorittar er historia om David og Goliat, Daniel i løvehola, Jona som vart eten av ein kval og utvandringa til israelittene frå Egypt.

    Carlie og sjokoladefabrikken Charlie og sjokoladefabrikken

Som barn var Roald Dahl ein av mine absolutte favorittforfattarar, det er han framleis.

Av alle bøkene til Roald Dahl er Charlie og sjokoladefabrikken den mest fantasifulle: boka er full av merkelege godteri og utenkjelege oppfiningar.

Charlie og sjokoladefabrikken handlar om den fattige guten Charlie Bucket som saman med fire andre barn får besøke sjokoladefabrikken til den eksentriske Willy Wonka. Her er det sjokolade og godteri i uendelege mengder.

Silje Duus vann prisen «Årets bokmeldar» i 2019, mellom anna for teksten ho skreiv om «Den andre søstera». Foto: Ida Johanne Aadland

LES OGSÅ

ANNONSE