Bidens plan for dei første 100 dagane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein koronapandemi som har kravd 400.000 liv. Ein økonomi i krise. Eit land som er djupt splitta både politisk og sosialt.

Joe Biden står overfor tunge løft når han no tek over som president i USA.

– Det som er unikt for Biden, er ikkje så mykje det faktumet at det er krise. Det er talet på konkurrerande kriser, seier Mary Stuckey, professor i kommunikasjon ved Penn State University.

David Farber, historieprofessor ved University of Kansas, trur handteringa av koronapandemien vil bli førsteprioriteten.

– Vi har 4.000 amerikanarar som døyr av covid-19 kvar einaste dag. Og den føderale utrullinga av vaksinen har vore ein katastrofe. Så eg trur det vil stå i front, seier han.

89-åringen Florence Mullins sit i ein stol, medan familien hennar held av plassen hennar i vaksinekøen. Fair Park i Dallas. Foto: Smiley N. Pool/The Dallas Morning News via AP

Tek grep frå dag éin

Sjølv har den 78 år gamle Biden lagt fram ein ambisiøs plan for sine første 100 dagar som president.

Allereie på dag éin lover han ei rekkje symboltunge grep:

  • ei erklæring om at USA blir med igjen i Parisavtalen
  • ei erklæring om at USA melder seg inn igjen i Verdshelseorganisasjonen (WHO)
  • innføring av nye etiske standardar for Det kvite hus
  • eit initiativ for nyinnføring av 100 regelverk for helse og miljø, som vart svekt eller fjerna under president Donald Trump
  • eit initiativ for å bli med igjen i atomavtalen med Iran
  • ein slutt på reiserestriksjonane for innbyggjarar frå muslimske land
  • tiltak for å forhindre deportering av menneske som kom til USA ulovleg som mindreårige
  • eit lovforslag som skal gjere det lettare for 11 millionar menneske som oppheld seg ulovleg i USA, å få amerikansk statsborgarskap
  • eit lovforslag for å styrkje våpenkontrollen

USAs påtroppande president Joe Biden får det travelt når han flyttar inn i Det kvite hus. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Koronakrisa

Også i kampen mot koronaviruset lovar Biden å ta grep med ein gong.

Nye reglar vil gjere det påbode med munnbind på føderal eigedom og når ein reiser ut av delstaten. Andre vil få råd om å bruke munnbind i 100 dagar.

Samtidig blir pausen på nedbetaling av studentlån og restriksjonane på utkastingar og tvangsauksjonar forlengd.

Biden vil òg ha opp tempoet i vaksinasjonen. Lovnaden er at det skal setjast 100 millionar vaksinedosar dei første 100 dagane han er president.

Det skal òg opprettast 100 nye vaksinasjonssenter på éin månad.

Men det kjem ikkje til å gå av seg sjølv. Biden står etter alt å dømme overfor ein hard politisk kamp i Kongressen for å få grønt lys for ein koronakrisepakke på 1.900 milliardar dollar.

Ein splitta nasjon

Biden arvar eit USA prega av alvorleg politisk og sosial splitting. Innsats for å byggje politisk tillit og mot rasediskriminering kjem til å stå høgt på prioriteringslista.

David Farber er historieprofessor ved Universitetet i Kansas. Foto: Universitetet i Kansas

– For å vere ærleg så er dette ei krise som USA ikkje har sett maken til sidan Abraham Lincoln vart teken i eid, seier David Farber.

Lincoln vart teken i eid ein månad før den amerikanske borgarkrigen braut ut i 1861.

Blant Bidens løfte er at han innan 100 dagar skal opprette ei ny spesialeining for politisaker som skal kjempe mot institusjonell rasisme.

Samtidig har han varsla ei omfattande innvandringsreform. Deportasjonar skal frysast i 100 dagar, finansieringa av grensegjerdet mot Mexico skal stoppast, og kvotane for lovleg innvandring skal utvidast.

Biden har òg prøvd å få inn vesentleg meir mangfald i regjeringsapparatet.

6. januar samla valdelege demonstrantar seg i Washington for å protestere mot at Joe Biden vert president. Demonstrantane storma Capitol, sete for Kongressen. 5 personar miste livet i kuppforsøket. Foto: AP Photo/Andrew Harnik

Ei lang liste

Eit anna moment er klimakrisa. Der har Biden signalisert ei heilt anna tilnærming enn forgjengaren.

I tillegg til å bli med igjen i den globale klimaavtalen frå Paris vil han foreslå ein tiltakspakke på 2.000 milliardar dollar for å nå klimanøytralitet i USA innan 2050.

Biden varslar òg nye grep i sosialpolitikken, og han tek til orde for ei nasjonal minstelønn på 15 dollar.

Men sjølv om Bidens liste med presserande oppgåver etter fire år med Trump kan verke uendeleg lang, har andre presidentar hatt det vanskelegare før han.

– I 1933 kom Franklin D. Roosevelt inn i Det kvite hus med ei arbeidsløyse på 25 prosent, ein børs som hadde falle nesten 90 prosent, og folk som ikkje var i stand til å få pengane sine ut av banken, påpeikar Farber.

– Amerika har komme seg igjennom verre ting før.


  • Kor mykje veit du om Kamala Harris, den komande visepresidenten? Ta quizen! 

Les også: Seks ting du ikkje visste om USAs nye president

Joe og Jill Biden fotografert i Des Moines, Iowa på den amerikanske nasjonaldagen 2019. Foto: Gage Skidmore, Flickr