Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2021 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Joe Biden (30) var vald som yngste senator i 1972

Då 30 år gamle Joe Biden vart senator for Delaware i januar 1973 var han yngstemann i Kongressen. Der sat han heilt til 2009.

Det var spesielle omstende då Joe Biden (til venstre) vart svoren i eid som senator for Delaware 6. januar 1973. Kort tid i førevegen omkom kona og eine bornet til Biden i ei bilulukke og sonen Beau låg framleis på sjukehuset, medan Hunter sit på armen til svigerfar Robert Hunter. Foto: AP

Med litt over 36 år i same stol er han likevel berre den 18. lengste sitjande senatoren gjennom tidene. (Rekorden er på 51 år, 5 månader og 26 dagar!).

Han stamma som liten

Joe Biden har fortalt om utfordringar med stamming i oppveksten.

Vonde tunger har stilt spørsmål ved den påtroppande presidenten si mentale helse etter å ha høyrd han nøla i debattar, men Biden vil ikkje vera med på det er stamminga sin feil.

– Eg tenkjer ikkje på at eg stammar, men tydelegvis seier folk at når eg er sliten så seier eg «uh, uh» og eg leitar eit sekund. Men høyr her: Feila eg gjer er feil. Nokre folk meiner eg framleis stammar, eg ser ikkje på meg sjølv slik, forklarar Biden til HBO.

Han har to hundar – Major og Champ

Då Donald Trump vann valet i 2016 var han den første amerikanske presidenten på over hundre år, som ikkje hadde hund.

No er dei tyske gjetarhundane Major og Champ på veg inn i Det kvite huset, saman med president Joe og lærarkona Jill Biden.

Joe Biden poserer med familien sitt nyaste medlem, Major, i 2018, medan Jill feira den nasjonale hundedagen med ein hyllest til Champ og Major. Foto: Twitter og Instagram

Han er den andre katolske presidenten i amerikansk historie

Joe Biden vert den andre katolske presidenten i amerikansk historie. Den førre var John F. Kennedy, som sat frå 1961 til han vart skoten og drepen i 1963.

Trass i at 22 prosent av amerikanarar ser på seg sjølv som katolikkar, har dei altså ikkje hatt fleire enn to presidentar sidan 1789.

President John F. Kennedy (foran) og hans visepresident Lyndon B. Johnson fotografert framfor Det kvite huset i 1961. Foto: Abbie Rowe, Wikipedia

Mange har inntrykk av at amerikanske katolikkar lenar mot det republikanske partiet, men dette kan sjå ut som er ei myte. Ifølgje Pew Research Center reknar kring halvparten av amerikanske katolikkar seg som demokratar og halvparten seg som republikanarar, noko som svingar litt over tid.

Han har stilt som presidentkandidat tre gongar – og vart teken for juks

Første gongen Joe Biden stilte som presidentkandidat for demokratane var i 1987. Den gongen måtte han gje seg etter å ha kopiert store delar av ein tale den dåverande Labour-leiaren i Storbritannia, Neil Kinnock, heldt for det walisiske arbeidarpartiet.

Tidlegare Labour-leiar Neil Kinnock var kjend som ein god talar. Her er han fotogrefert i 1992. Foto: John Chapman, Wikipedia

Ifølgje The Guardian skal likevel Biden ha nytta poeng frå Kinnock sin tale ved fleire høve og alltid kreditert opphavsmannen, heilt fram til ein debatt med motkandidatane sine til å bli demokratane sin presidentkandidat.

Motkandidat Michael Dukakis sine folk merka tabben og brukte det mot Biden. Dukakis vart demokratane sin kandidat, men måtte gje tapt mot republikanaren George H. W. Bush.

Det vart skandale, men Biden skal seinare ha spøkt med hendinga og kalla Kinnock sin største taleskrivar. Heller ikkje Kinnock ser ut til å bera nag.

– Joe er ærleg, han er modig, han er velinformert og erfaren, og framfor alt: han er rasjonell, alle tinga som Trump ikkje er, sa Kinnock til The Guardian i september.

Den andre gongen Biden måtte gje tapt var mot Barack Obama i 2007, som seinare gjorde han til sin visepresident.

Visepresident Joe Biden og 11 år gamle Marcelas Owens ser på medan dåverande president Barack Obama signerer helsereformen Obamacare. Foto: Pete Souza, The White House

Han har prøvd seg som skodespelar

Avtroppande president Donald Trump gjorde som kjent ein såkalla cameo (ein kjend person som speler seg sjølv) i Hjemme alene 2.

Men også påtroppande president Joe Biden har fått testa sine skodespelarevner. Han har spelt seg sjølv i tv-seriane Where in the world is Carmen Sandiego? (1992), Law & Odder: Special Victims Unit (2016) og ved to høve i Parks and Recreation (2012 og 2015)

Hovudkarakter Leslie Knope (Amy Poehler) har store politiske ambisjonar og er blodfan av Biden.

Sjå møtet deira her:

Med alle desse faktaa i bagasjen, bør du gjere det godt i vår Joe Biden-quiz:

Resultat:  

Vurdering:  


Kamala Harris er vald til USA sin neste visepresident. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0