Stortingspolitikar ut mot NRK: – Trengst meir konkrete svar enn gode intensjonar

NRK klarte ikkje nynorskkravet for 2020. No etterlyser Tore Storehaug (KrF) og Kringkastingsringen konkret handling som sikrar auka nynorskbruk i statskanalen.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag annonserte NRK at dei ikkje klarte kravet om 25 prosent nynorsk i 2020. Den endelege utrekninga synte at berre 24,2 prosent av innhaldet til NRK var på nynorsk.

Dårlegast stod det til på nett, der berre 17 prosent av innhaldet var skrive på nynorsk.

Stortingspolitikar Tore Storehaug (KrF) seier i ei pressemelding til Framtida.no at han forventar meir av statskanalen:

– Det er bra at NRK sine talspersonar seier dei tek det på alvor og vil betre seg, men her trengst det meir konkrete svar enn gode intensjonar.

– Bør sikte høgare

2019 var første – og einaste – året NRK har klart kravet, med 25,2 prosent innhald på nynorsk.

– Eg forventar meir av NRK. Tidlegare ser det ut som at ein har sikta seg inn på å klare målet hårfint. Ein bør sikte høgare enn det, seier Storehaug.

Stortingspolitikaren peikar på at NRK har sterk kompetanse på opplæring av nynorskjournalistar, mellom anna gjennom rekrutteringstiltaket Nynorsk Mediesenter i Førde, og etterlyser konkret handling:

– Når ein likevel ikkje når måla ventar eg å sjå konkrete forslag til korleis ein skal få auka nynorskbruken så ikkje denne situasjonen kjem igjen og igjen.

Kringkastingsringen: – Tilset fleire nynorskjournalistar

Kringkastingsringen meiner det er flott med krafttak, å vekkje sovande nynonorskbrukarar og å ha språkkontaktar i redaksjonane, men at desse tiltaka ikkje er nok:

Inger Johanne Ruset er leiar i Kringkastingsringen, som arbeider for språkmangfald i norske medium. Foto: Kringkastingsringen

– Det er berre éi løysing på dette: tilset fleire nynorskjournalistar, seier leiar Inger Johanne Ruset i ei pressemelding.

Ho peikar på at nynorsktala i aktualitetskanalane NRK1, P2 og P3 og på NRK.no har vore jamt låge i mange år, og at dersom NRK verkeleg vil ta grep, så er fleire nynorskjournalistar i desse kanalane den naturlege staden å starte.

Ruset registrerer at NRK-sjefen legg noko av skulda på koronaviruset, men meiner at problema stikk djupare enn som så.

– Den ekstraordinære situasjonen har heller avslørt korleis det eigentleg står til i aktualitetsprogramma og i nettredaksjonane.

Ruset peikar på at dersom det var nok nynorskjournalistar i NRK, så ville ikkje koronasituasjonen hatt så mykje å seie for nynorskprosenten, og at ein skulle tru pandemien råka språkformene nokolunde jamt.

– No ser det ut til at nynorsk er noko ein held på med på solskinsdagar og i medvind, men om det smell og buttar imot, så fell ein ned på bokmål. Eg tykkjer det er synd, seier Ruset, som lovar å ta opp problemstillinga med NRK-sjefen ved første høve.


Les også intervjuet med artist og «nynorsktalent» Synne Vo: – Eg har alltid vore den irriterande i klassen som har vore nynorskforkjempar.

Foto av Ronny Brede Aase: Gyldendal. Kollasj: Framtida.no