AUF får kritikk for vervepraksis: – Lite demokratisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

John Stene, styremedlem i Byåsen arbeiderlag og tidlegare kommunalråd for Ap i Trondheim fotografert i 2013. Foto: Sandra Skillingsås, Ap

– Det er en lite demokratisk måte å skaffa seg innverknad på, gjennom billige medlemskap i ein organisasjon.

Det seier John Stene, styremedlem i Byåsen arbeiderlag og tidlegare kommunalråd for Ap i Trondheim, til VG. 

Avisa avslørte i dag den omstridde vervepraksisen til ungdomspartiet AUF.

AUF samarbeider tett med moderpartiet og har delegatar på årsmøta deira. Det er ofte slik at di fleire medlemmar AUF har, di fleire stemmer får dei i Arbeidarpartiet. Høge medlemstal sikrar difor ungdomspartiet større makt i Arbeidarpartiet.

Kontroversielle tikroningar

VG viser korleis AUF-medlemmar vert verva for ein billig penge første året, men ikkje blir med vidare.

Eit døme er 2018, då AUF sette medlemsrekord med nesten 13.100 medlemmar. Av desse vart berre 3800 medlemmar med vidare til neste år, då 6300 nye medlemmar kom til, ifølgje avisa.

AUF-leiar Ina Rangønes Libak jublar over rekordhøge medlemstal. Foto: AUF

Første året betalar medlemmane berre 10 kroner, men året etter aukar prisen til 50 kroner for dei under 26 år og 100 kroner for dei over.

Særleg Trøndelag AUF, som er landets største lokallag, har mange nyverva medlemmar.

AUF: – Ei stor styrke for Ap å ha sterke AUF-lag

Generalsekretær i AUF, Sindre Lysø. Foto: Arbeidarpartiet

TV 2 meldte i februar i fjor om at fire lokallag stilte forslag om å avgrensa AUF si makt i moderpartiet på Trondheim Ap sitt årsmøte. Saka er framleis ikkje ferdig behandla.

Generalsekretær i AUF, Sindre Lysø, svarar VG på vegner av ungdomspartiet i ein e-post.

– Det er viktig at partiet og AUF set seg ned og finn gode løysingar saman. Eg opplever at det er ei stor styrke for Ap å ha sterke AUF-lag som kan vere med å skapa ny politikk og vere motor i valkampen, skriver han til VG.


Les også: Halvparten av ungdomspartileiarane har teke koronatest – her er deira nærkontaktar og karantenehobbyar

Koronaåret 2020 har òg byd på fine opplevingar både politisk og privat for ungdomspartileiarane. Foto: Privat