«NYNORSKTALENT»: Forfattar Svanhild Amdal Telnes vart lokka attende til nynorsken

26-åringen er vaksen opp i ein nynorskheim, men flørta med bokmålet før ho for fullt omfamna vesttelemarkingen i seg.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar Svanhild Amdal Telnes vart lokka attende til nynorsken

Svanhild Amdal Telnes er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– Vi hadde klistremerke med «Slepp nynorsken til» på ein lysbrytar på kjøkenet då eg vaks opp, og det trur eg vi har enno, fortel Svanhild Amdal Telnes på telefon til Framtida.no. 

Den 26 år gamle forfattaren og psykologen mimrar tilbake til barndomsheimen i Seljord, der ho vaks opp i ein familie som er godt over gjennomsnittet interessert i språk. For begge foreldra var det viktig å halda på dialektane sine, og nynorsken låg nært åt hjartet. Det er prioriteringar dei har gjeve vidare til dottera.

– Det kjennest framand å gjere noko anna.

Foto: Privat

«Den vanskelege andreboka»

Svanhild Amdal Telnes debuterte som forfattar med poesiboka Om nettene brukar mor dråpeteljar i 2018, som ho òg vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I grunngjevinga stod det at debuten var «ei sterk bok å gå inn i og vende tilbake til».

Framtida.no sin meldar meinte «noko av det sterkaste med boka, er korleis Telnes knyter saman dikta til ein større samanheng»

I mai kjem andreboka Å jage ein hjort i døden, og Telnes medgjev at ho ikkje har kome heilt av seg sjølv.

– Eg har måtta leite litt for å finne sporet eg skulle halde fram på. Det har vore mange startar som ikkje har vorte til noko.

For førsteboka si vart Svanhild Amdal Telnes nominert til Vesaasprisen. Den nye boka handlar om ei gruppe menneske som bestemmer seg for å isolere seg på ei øy, og freistar skape eit nytt samfunn. Omslag: Gyldendahl

Yrkesvalet er ikkje plan-B

Debuten skreiv Telnes medan ho gjekk på profesjonsstudiet i psykologi hjå NTNU i Trondheim, og den komande boka har ho skrive i helgar og feriar, og når arbeidsdagen som psykolog er over.

Forfattardraumen ho byrja bere på som tenåring har levd parallelt med ein draum om å hjelpe andre som psykolog.

– Det var ikkje ein sånn «Å nei, no må eg ha ein plan-B. Eg kan ikkje belage meg på å verte forfattar», forsikrar Telnes. 

– Det er ein luksussituasjon å kunne få lov til å drive med begge ting samstundes.

Då kvardagen, som normalt er hektisk med mykje farting og mange vener, vart bytt ut med påtvinga eigentid i koronapandemien, fekk forfattaren òg rom til å skrive.

«Har eg ikkje kome lenger?!»

Poesi har vore ein del av kvardagen til 26-åringen heilt sidan ho gjekk på barneskulen, og dei hadde skuleoppgåver som å skrive eit dikt om sommarferien.

– Nokre syntest det var pyton, men eg heldt berre fram, seier Telnes og utdjupar:

– Men det var aller mest i ungdomsskuletida at eg byrja å faktisk drive på med det aktivt, og ikkje berre pusla med det på skulen.

Eit par av dikta frå debutboka har vore med ho lenge, og har spor av bileta ho skapte og strofene ho skreiv som 14-åring.

– Eg tenkte litt: «Har eg ikkje kome lenger enn dette? Oppgulp frå ti år sidan?», men på ei anna side synest eg det er morosamt at det er noko som har vore der heile tida. Det er min stil, slik eg uttrykker meg. 

Foto: Privat

Misunnelege bokmålskollegaar

Ofte får nynorskbrukarar høyre at skriftspåket «gjer seg best i dikt», ein påstand Svanhild Amdal Telnes er delvis samd i.

Ho er krystallklår på at nynorsken gjer seg like godt som kvardagsspråk som i dikt, og det er ikkje som om ho «tek på seg poesihatten» og skrur opp nynorsken sin til stillet høgtideleg og gamalmodig.

Men samstundes har ho tenkt at ho kanskje får litt gratis som nynorskskrivande poet: 

– Eg har vener som òg skriv og nyttar bokmål, og dei har nesten vore misunnelege, for dei opplever at nynorsken passar dikt på ein annan måte. At ein får noko med på kjøpet. 

Ho understrekar likevel at det er like mykje jobb, uansett kva skriftspråk ein vel. Sjølv kan ho verte ganske kritisk til såkalla støy i dikta sine, overflødige ord som ikkje tener noko formål. Ho vert fort sitjande å pirke i orda, i formuleringane og linjene.

Nokre gongar leikar ho seg med å skrive på bokmål, men då opplever ho at uttrykket endrar seg veldig.

Foto av Svanhild Amdal Telnes: Julie Pike/Gyldendal. Foto av Odd Nordstoga: Bjarne Thune/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Vart lokka tilbake til nynorsken

I ungdomsåra hadde Svanhild Amdal Telnes ein periode der ho eksperimenterte med ei bokmålsnær dialekt, ein fase òg andre i heimen var innom:

– Men då hadde familien strategiar som lokking med goder om ein la om att, og ein vart dytta borti om ein gløymde seg vekk, fortel ho.

I dag arbeider ho aktivt for å bevare dialekta si, og fortel at talemålet er ein viktig identitetsmarkør for ho, fordi det så tydeleg lenkjer ho til plassen ho kjem frå. 

Då Svanhild Amdal Telnes gjekk på Skrivekunstakademiet i Bergen laga medstudentane eit eige ord som ein parodi på dialekta hennar: «høffen». Meininga varierte frå situasjon til situasjon.

26-åringen er komen attende til Telemark, men har budd både i Trondheim, Bergen og Oslo, og fortel at ho aktivt prøvar å få inn att dialektorda som fort vert vatna ut av å bu lenge i ein by.

På vesttelemarking heiter det verken magen eller benken, for Telnes forklarar at i hennar dialekt har desse orda j-lyd og vokalane vert lange: Det heiter majen og benkjen.

– Det er ein gjeng i familien som minner kvarandre om det, og nesten øver litt for å få inn orda: «Det ordet må vi seie», seier Svanhild Amdal Telnes lattermildt.

– Det hjelper at det er mange som har fokus på det same, sjølv om det til tider kan verte litt dialektpoliti.


Les også om Arianrhod Engebø, som har sitt eige musikkprogram på P3 : – Eg forstår at når ein har ein slik jobb, kan folk ha meiningar om deg utan at du eingong har møtt dei.

Arianrhod Engebø er programleiar i NRK P3. Noko av det ho likar best med radio, er at det er så kort veg frå idé til gjennomføring, og at det er rom for å leike seg. Det ho synest er mest utfordrande er å ikkje bli sett i vanar. Foto: Jonathan Vivaas Kise.