Disney skal lage klimafilm på Svalbard
Til våren skal Disney filme klimaendringane på Svalbard.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Disney skal lage klimafilm på Svalbard
I mars og mai skal Disneys naturfilmselskap filme på Svalbard. Sysselmannen har gitt løyve til 20 helikopterlandingar på ulike brear på Spitsbergen.
Disney-filmen skal dokumentere utfordringane som følgje av klimaendringane, skriv Svalbardposten.
Ifølgje PolarX, som hjelper Disneynature med formelt arbeid, har prosjektet eit «massivt potensial» for å nå ut til publikum.
Filmselskapet har fått landingsløyve på Negribreen, Kvalbreen og Kongsvegen for å frakte personell. Løyvet føreset at dyr og fuglar ikkje blir forstyrra, og dessutan at naturen ikkje får varige spor.

Journalist Line Nagell Ylvisåker debuterer no som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Foto: Samlaget