Då korona kom, laga Luqman (19) ei ny debattside for ungdom

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som er veldig bra med debattklimaet i Noreg er at det er mange unge som vil bruka stemma si til noko godt. Det er mange unge som er politisk engasjerte.

Luqman Wadood (19) frå Stavanger vil at det skal bli endå fleire slike, som tør å ta ordet, dela sine meiningar og bli politisk engasjerte.

– Det er jo det som skal leia landet framover, understrekar han til Framtida.no.

Vil løfta ulike meiningar

Under koronarestriksjonane vart den engasjerte 19-åringen, som nettopp hadde byrja på ein bachelor i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger, rastlaus. Han ville bruka interessene til noko godt og samfunnsnyttig. Det vart starten på den nye debattsatsinga Jeune.

– Eg følte det mangla ei slik side, ei kronikk- og debattside for unge som vil dele sine kronikkar og meiningar, forklarar 19-åringen.

Han peikar på sider som Aftenposten Si;D og Framtida.no, men meiner det er rom for fleire unge stemmer.

– Eg vil at alle slags meiningar skal koma fram, sjølvsagt innanfor juridiske og etiske grenser. Det er veldig mange skribentar frå venstresida, men eg vil ha fleire frå høgresida òg. Jeune skal ikkje vere talerør for eitt politisk parti, men reflektere eit breitt spekter politiske interesser og meiningar.

Har arbeidd til to på natta

Om du er litt i stuss over namnet Jeune, er du ikkje åleine. Wadood har ikkje tal på kor mange som har kommentert namnet, som er fransk for ung og vert utala «skjønn».

For Wadood var det naturleg å velje eit fransk namn, fordi han har budd ti år i Canada og hatt franskopplæring der.

Per i dag er Jeune heilt frivillig drifta, og redaktøren søkjer etter frivillige som har lyst å bidra både med tekstar og korrektur.

– Det har vore utruleg mykje arbeid, og nokre dagar har eg jobba fram til to på natta med utforminga, forklarar 19-åringen, som har designa og laga nettsidene heilt sjølv.

Luqman Wadood (19) frå Stavanger er gladi design og IT, og har sjølv laga nettsidene til Jeune.no. Skjermdump: Jeune

Takka vere pandemien

– Eg må nesten takka denne pandemien for å ha fått meir tid på hendene. Før dreiv eg med mykje og var meir sosial, men etter pandemien trefte har eg vore meir innestengd.

Førsteårsstudenten har sakna å sitja i ein klasse og sjå medstudentar og førelesar, men synest det er viktig å bruka tida til noko produktivt.

Ideen til debattnettstaden Jeune vart fødd og utvikla på rekordtid, og allereie no har Wadood gjort avtale med VG.no om at innlegga kan verte republisert på deira sider.

På sikt er planen å søkja støtte til drifta, men han håpar i det lengste å unngå reklame på nettsidene.

Heva seg over hetsen

Foreløpig har han berre fått positive reaksjonar på nettsidene og innlegga, men redaktøren har sjølv erfaringar med at det kan kosta å stikka hovudet fram i nettdebatten.

Allereie som 13-åring byrja han å vlogga om teknologi og opplevde då å få hets og rasistiske kommentarar.

– I starten var det veldig lammande. Du føler deg veldig liten når du får dei kommentarane, men du må heller fokusera på dei positive kommentarane som kjem og ikkje la dei dumme tie deg, er rådet frå 19-åringen.


Les også: Samfunnsdebattant Nancy Herz (24) om hetsen: – Tidkrevjande, energikrevjande og tappande

Nancy Herz skal leie det komande Ungdommens ytringsfrihetsråd. Foto: Privat