Som 20-åring hadde Sissel Kykjebø allereie drive profesjonelt med musikk i fleire år, men visste lite om kva framtida ville bringe.

– Eg såg på framtida som noko uendeleg og alt kunne skje. Det var så mange moglegheiter, men eg føler at hadde det vore i dag ville det vært mye vanskelegare å vete kva eg skulle velje, skriv Sissel Kyrkjebø (50) til Framtida.no.

Som 20-åring visste gullstrupen frå Bergen slett ikkje kva framtida ville bringe, men tok ein dag av gangen, då det skjedde så mykje rundt ho.

– Eg tenkte mykje på å flytte til Danmark og København og såg på det som ein sjølvsagt del av livet. Ein ny epoke, forklarar Kyrkjebø.

Stemma frå Lillehammer-OL

Året var 1989. Fire år seinare skulle ho gifte seg med danske Eddie Skoller og året etter der, i 1994, sette ho varige spor i den norske folkesjela med den offisielle OL-låta Se ilden lyse. 

Berre 20 år gamal var Sissel Kyrkjebø allereie kjend både i Noreg og nabolanda, og var stemma til Ariel i både den norske, svenske og danske utgåva av Den lille havfruen.

Likevel let ho seg imponere av dagens unge.

– Eg er imponert over dei som skal ta yrkesvalg i dag og finn fram i jungelen av yrkesretningar å studere. 

Kor var du då du var 20?

På den tida var eg midt i ei brytningstid. Eg hadde gitt ut fleire plater, gjort ferdig gymnaset, hadde bestått bedriftsøkonomieksamen med eit naudskrik, og eg hadde sunge hovudrolla i ein musikal.

I løpet av det året skulle det skje mange sjelsettande ting i mitt liv som kom til å bety mykje for meg og framleis gjer det den dag i dag. 

Sissel Kyrkjebø syng for kronprinsesse Sonja og dronning Margrethe i København 1990.
Foto: Keld Navntoft / SCANPIX

Korleis var kvardagen?

Eg kan ikkje hugse heilt korleis kvardagen min var…. Eg hadde akkurat gjort ferdig musikalen Sound of Music og reiste rundt på turné i Danmark, Sverige og Noreg. Så flytta eg saman med mi beste venninne i Bergen.

Kva lytta du til?

Eg høyrte mykje på Cat Stevens, Simply Red, Whitney Houston, Barbara Streisand, Åge Aleksandersen og elles alt som blei spelt på radio.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Ikkje heilt….

Biletet av tank man på Den himmelske freds plass 5. juni 1989 har vorte eit symbol på opprøret mot kinesiske myndigheiter. Foto: Stuart Franklin/ Magnum Photos
I 1990 oppstod det søt musikk mellom Sissel Kyrkjebø og Eddie Skoller, som vart far til hennar to døtrer. FOTO: Keld Navntoft / SCANPIX Danmark

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det var rundt dei dagane før eg fylte 20, opprøret på Den himmelske freds plass og Khomeinis død falt samstundes med at eg var i New York og Los Angeles for første gang. Seinare var det Berlinmurens fall, som kom medan eg var på turné i Danmark .

Og så forelska eg meg i han som skulle bli far til mine to døtrer.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ja, eg hadde allereie drive med song meir eller mindre profesjonelt sidan eg var 16, så eg var lykkeleg for å kunne få hobbyen min som yrke.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Så ung og likevel så gamal. Glad og positiv.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Lytt til hjartet, di indre stemme og ver tru mot deg sjølv. Livet er ei reise, bruk det og lev det, men hugs å vere deg.

Tore Stømøy gjesta Lindmo tidlegar i februar i samband med den nye sesongen av Tore på sporet, men i 1980 var 20-åringen meir oppteken av kappgang og musikk enn sakna familiemedlemmar. Foto: NRK/Privat
Oppdatert: måndag 30. mars 2020 10.18
ANNONSE