Natur og Ungdom: – Klimaplanen er eit godt startskot

Men leiar i Natur og Ungdom Therese Hugstmyr Woie meiner regjeringa burde gått endå lenger.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.01.2021 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Svein Olav B. Langåker

Fredag 8. januar la regjeringa fram klimaplanen for dei neste ti åra.

– Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Natur og Ungdom og leiar Therese Hugstmyr Woie meiner klimaplanen er eit godt startskot.

– Men dei har ikkje gått langt nok til at me kallar dette ein miljøsiger, seier Hugstmyr Woie i ei pressemelding.

Auke i CO2-avgift og tiltak for byområde utan vekst i personbiltransport er lyspunkt for Natur og Ungdom.

– Det me saknar mest i meldinga er fokus på energisparing og reduksjon av flyreiser og godstransport på vegane. Det finst ikkje nok natur eller fornybar energi til at alle skal velja ein så energikrevande og arealkrevande klimaløysing som regjeringa gjer her, seier Therese Hugstmyr Woie.

Har det travelt

Noreg hadde i fjor sitt varmaste år nokon gong, og forskarane er samde om at det hastar med å få ned utsleppa for å kunna nå målet i Parisavtalen.

– Me er glade for å ha fått ein klimaplan me kan følgja opp og som kan forplikta regjeringa. Noreg har for vane å vedta mål som ikkje blir gjennomført, men no har Noreg utsett klimainnsatsen vår så lenge at me har ikkje råd til å venta med å gjennomføra denne planen, seier Therese Hugstmyr Woie, og legg til:

– Det viktigaste for oss no er at tiltaka kjem i gang raskt. Jo raskare me kuttar utslepp, jo større positiv klimaeffekt har det.

Slik håpar regjeringa å kutta utsleppa dei neste ti åra:

Framsteg på arealplanlegging

Natur og Ungdom kallar det ei gladnyheit at klimaplanen gjev eit forsterka løfte om nullvekst i personbiltrafikken i byane.

– I dag seier klimaforliket berre at ein skal ha nullvekst i dei store byane, men i denne planen lovar dei at dette gjeld alle byområda. Dette er heilt nødvendig for å kunna fortetta og skapa klimasmarte byar, fordi bilane tar alt for mykje plass allereie, seier leiaren i Natur og Ungdom.

Energieffektivisering manglar

Klimaplanen legg opp til det Therese Hugstmyr Woie kallar ein vanvitig auke i energibehovet.

– Det verkar som at regjeringa har gløymt viktigheita av energisparing og effektivisering. Satsningen på elektriske fly, bilar, båtar og industri er bra – men det har ein kostnad.

– For det første veit vi ikkje med sikkerheit at teknologien vil fungera, for det andre krev det meir fornybar energiproduksjon. Ein lettare, billegare og tryggare løysing, ville vore å gå inn for reduksjon i bil- og flytrafikken, og ein utfasing av oljeproduksjon, som bruker mykje energi, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom.


Astrid Jordåen, Frida Viktoria Tveitnes Moe, Veslemøy Sømoe Huglen, Marius Hammersland Loureiro, Magnus Tislevoll, Juliana Mohammad og Malin Grøsvik Almås bruker kortare tid i dusjen etter å ha testa ut korleis ein kan leva meir berekraftig. Foto: Svein Olav B. Langåker