Ny varmerekord i Noreg uroar fleire ekspertar.
mm

Sist Noreg hadde ein varmerekord, var i 2014, då gjennomsnittstemperaturen i landet låg 2,2 grader over normalen. No ser det ut til å bli ein ny rekord, 0,2 grader over den førre rekorden, ifølgje Meteorologisk institutt.

Varmare vintrar og våtare somrar

– Dette er uvanleg. Vanlegvis pleier rekordar å vere rundt hundredelane. No er vi i alle fall eit par tidelar opp, og det er mykje i verda mi, seier klimaforskar Hans Olav Hygen til NRK.

Han fortel at enkeltår som er ekstra varme, ikkje nødvendigvis kjem av klimaendringar. Men på grunn av klimaendringane, kan varmerekordar kome oftare.

– Det som ser ut til å bli tendensen gjennom året er varmare vintrar og våtare somrar. Dette har vore signaturen til 2020. Dei største endringane framover kjem vi nok til å sjå på vinterstid, seier Hygen til NRK.

På Sunndalsøra på Nordmøre var det 19 grader 2. januar 2020. Januar vart den nest varmaste januarmånaden vi har hatt i landet, fortel meteorolog Kristian Gislefoss.

Vinteren vart den mildaste sidan målingane starta i år 1900. Gislefoss fortel at sommaren var ganske kjølig. Medan november var den varmaste nokon gong i Noreg, 4,6 °C over gjennomsnittet. Normalen er gjennomsnittet frå 1961 til 1990.


Leiar i Natur og Ungdom, Therese Hugstmyr Woie,

 

 

Oppdatert: tysdag 29. desember 2020 14.17

LES OGSÅ

ANNONSE