Frå 1. januar tek vi i bruk ein ny 30-årsperiode når vi refererer til kva som er normalvêr, frå 1961–1990 til 1991–2020. Kvardagen har vorte varmare og våtare.
NPK-NTB-Mette Estep
NPK-NTB-Mette Estep
Fakta om klimanormalar
  • Ein klimanormal er eit gjennomsnitt av vêret, til dømes temperatur, nedbør eller vind, som blir brukt som referanse for å samanlikne endringar i klimaet, både frå tidlegare periodar til i dag, og frå i dag til eit berekna framtidsklima.
  • Klimanormalar blir òg brukte til å samanlikne klimaet på ulike stader og til å få kunnskap om korleis til dømes infrastruktur som byar, tunnelar og vegar må tilpassast det typiske vêret der det blir bygd.
  • Det var Verdens meteorologiorganisasjon (WMO) som i 1935 vart samde om at det var behov for slike standardnormalar, og bestemte at periodane skulle vare i 30 år for å sikre lang nok dataperiode, utan påverknad frå kortvarige variasjonar.
  • I 2014 vedtok WMOs klimakommisjon at normalane framleis skal dekkje 30 år, men at dei no skal bytast kvart tiande år fordi klimaet i dag endrar seg så mykje at normalane i slutten av perioden ikkje lenger reflekterer det vanlege vêret i eit område.

(Kjelde: Meteorologisk institutt )

LES FAKTALUKK FAKTA

Når du høyrer vêrvarslinga med meldinga om venta temperatur, nedbør og vind, får du gjerne beskjed om korleis vêret ligg an samanlikna med det som er normalt. Det er denne normalen som endrar seg 1. januar – klimanormalen.

Endra vêrvarsel

– Det er nok på vêrvarslinga folk vil merke ei endring, for frå neste år vil dei som høyrer etter, plutseleg oppleve at vêret som blir varsla er nærare referanseverdiane – normalen, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt til NTB.

Då vil kanskje ikkje varsla vêr blir oppfatta som så ekstremt lenger, sjølv når det blir sett nye temperatur- og nedbørsrekordar. Til dømes låg månadstemperaturen for heile landet i november 4,6 grader over den snart utgåtte normalen. Det var den varmaste novembermånaden som er registrert. Månadsnedbøren for heile landet var 130 prosent av normalen. Med den nye normalen ville det ikkje sett like illevarslande ut.

– Overgangen til den nye normalen kan svekkje folks oppfatning av kor skummelt det som faktisk skjer, er. For oss som ønskjer å kommunisere at desse endringane skjer, kan det bli ei utfordring å få det ut til folk, viss dei får inntrykk av at ting har stabilisert seg, seier Hygen.

Farvel vinter

Ein klimanormal er eit gjennomsnitt av vêret i eit område over ein periode på 30 år. Det blir brukt som referanse for å samanlikne endringar i klimaet over tid og mellom stader.

Frå 1980 har det ifølgje Meteorologisk institutt vore ei betydeleg oppvarming i Noreg.  Perioden 1991-2020, den nye normalen, er definitivt den varmaste normalperioden hittil, både i Noreg samla sett og i alle landsdelar. Oppvarminga har auka kapasiteten atmosfæren har til å ta opp fukt, og det har auka nedbørsmengda, også den har auka mest etter 1980. Det har både vorte fleire dagar med nedbør, og fleire dagar med kraftig nedbør.

I april 2020 kom det 25 prosent meir nedbør enn normalt.
Foto: Berit Roald / NTB

– Men den mest merkbare endringa er at vinteren, slik vi definerer han klimatologisk, som den delen av året då døgnmiddeltemperaturen er lågare enn 0 grader, har vorte mykje kortare. Både hausten og våren «et» av vinteren, i delane av landet der dei i det heile har vinter framleis, seier Hygen.

Han trur nok dei fleste i Noreg vil sakne kvit vinter som eit skilje om han blir borte, og seier perioden oktober til april heilt utan snø elles kan bli éi lang, gråbrun, sur, kald, mørk og våt årstid.

– Dei som bur i områda som har mista vinteren, opplever nok eit sakn og set truleg veldig pris på det når det av og til kjem litt snø. Det lyset i mørkeret, ei slags markering av overgangen mellom haust og vår, at noko snur mot sommar, sjølv om snøen kanskje ikkje ligg særleg lenge, seier Hygen.

Førebudd på tunge hustak

Klimanormalen blir òg brukt som referanse for fleire praktiske formål, som for å planleggje korleis ein infrastruktur skal tilpassast det typiske vêret der han blir bygd.

– Umiddelbart har ikkje endringa vår av normalane no ein effekt på til dømes byggebransjen, men vi forventar at til dømes Standard Noreg, Direktoratet for byggkvalitet og Sintef-Byggforsk bruker dei nye standardane som grunnlag for til dømes standardar og klimadata i Byggforsk-serien, seier Hygen.

Vinteren, viss ein i det heile tatt eigentleg har det som kan definerast som vinter, blir kortare og kortare i Noreg, og snømengda mindre og mindre. Her frå Eggedalsfjellet på vestsida av Norefjell i Buskerud. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK

Eit døme er kravet til kor mykje og tung snø hustak skal kunne tole i ulike regionar i landet. Ved bygging av vegar og tunnelar må òg fare for frost, flaum, ras og skred blir teke med i utrekningar av materiale, konstruksjonar og plassering.

Etter den dramatiske tørken sommaren 2018 slo forskarar ved det nasjonale forskingssenteret Ruralis fast at klimaendringar og global oppvarming no gjer at vêret i åra som kjem, blir meir skiftande. Eit år vil det vere tørke som kan øydeleggje avlingar, eit anna kan det vere styrtregn og flaum. Uansett må bønder vere førebudde.

Den raske oppvarminga har òg gjort at den neste klimanormalen vil komme allereie om ti år.


 

LES OGSÅ

ANNONSE