Jula nærmar seg, og det er tid for lutefisk, pinnekjøt og ribbe.
Dei siste åra har ribba vore ekstra omdiskutert. Organisasjonar og enkeltpersonar dreg gong på gong fram verstingtilfelle, og stemplar heile svinenæringa som ei forferdeleg næring. Det er på tide med meir fakta, og mindre forvridde bilete i debatten.
- Les innlegg frå Dyrevernalliansen: «Å respektere dyr kan ein vanskeleg gjere uten å ta omsyn til kven dei er»
Auka fokus på førebyggande arbeid
Som ungdomar med landbruksrelatert utdanning er det ekstra interessant å følgje debatten kring husdyrproduksjon. Den er prega av mykje feilinformasjon.
Dagens utdanningar innanfor husdyrhald og landbruk har eit stort fokus på velferd, etologi og berekraft. Dette er sjølve grunnlaget for gode produksjonsforhald.
Alt vi lærer gjennom utdanningsløpet er gjennomgåande prega av at dyra skal ha det optimalt
I tillegg har veterinærstudiet eit auka fokus på førebyggande arbeid hjå dyr. Husdyrfagstudiet har eigne fag om dyrevelferd og alt vi lærer gjennom utdanningsløpet er gjennomgåande prega av at dyra skal ha det optimalt. Det er framtidsretta og prega av eit berekraftig fokus på avl, ernæring, etologi og behandling.
Som framtidas fagfolk meiner vi det er ekstra viktig at dette lyftast fram, og vi er trygge på at norske bønder i alle produksjonar er imøtekommande for å gjennomføre tiltak som er best mogleg for dyra.
For å kunne gjennomføre slike tiltak er bøndene og landbruket avhengige av gode tilskotsordningar, økonomi og støtte frå politikarar og oss forbrukarar.
Les også innlegg frå Senterpartipolitikar: «Dyr er ikkje mennesker og skal ikkje samanliknast. Det er naturleg å eta dyr»
Dyrevelferdsprogram for gris
Dei siste åra har svinenæringa hatt stort fokus på dyrevelferd.
Det viktigaste tiltaket som næringa har innført er Dyrevelferdsprogram for gris. Programmet inneberer systematisk jobbing med dyrevelferd, slik at ein i størst mogleg grad sikrar og dokumenterer god dyrevelferd for all norsk gris.
Alle typar svinebesetningar i Norge er omfatta av dyrevelferdsprogrammet.
Dyrevelferdsprogrammet stiller mange krav til svineprodusentar. Bonden må ha systematiske rutinar, samt dokumentere oppfølging av sjuke og skadde dyr.
I tillegg skal det vere obligatorisk besøk av veterinær som følgjer opp bonden når det kjem til rutinar for bruk av sjukebinge og korrekt avliving, fôr- og vasstilgang, oppstalling og dyretettleik, førekomst av halebiting på dyra i besetninga og registrert på slakteriet og bruk av strø- og rotemateriale. Det er også obligatorisk kompetansekrav for alle bønder som skal drive med gris.
Kastrering i verdsklasse
Det har lenge vore strenge krav for kastrering av gris, noko som gjer kastreringa i Norge til ein av dei beste i verda.
I dag er det lovfesta at det berre er veterinærar som skal kastrere gris
I dag er det lovfesta at det berre er veterinærar som skal kastrere gris. Norge er blant dei einaste landa som har påbod om lokalbedøving før kirurgisk kastrering, samt smertestillande etter inngrepet.
Alternativet er ei vaksine. Den fører til at testiklane skrumpar inn, og dermed forhindrar rånelukt og dårleg smak på kjøtet. Denne vaksinen er ikkje hundre prosent effektiv og ved bruk av vaksinen vil rånane ha kjønnsdrifta si mykje lenger enn ved kirurgisk kastrering. Det fører til at dei vert meir urolege og slost meir i fjøset.
- Les innlegg frå Dyrevernalliansen etter NRK Brennpunkt: «Griseindustriens hemmelegheiter er ute i offentlegheita»
Framtidsplanar for velferda
Sjølv om næringa har fått til mykje er det mange tiltak dei ynskjer å gjennomføre for å styrke dyrevelferda.
Blant anna skal det skal arbeidast vidare med at det skal vere klare konsekvensar for bønder som ikkje følgjer regelverket og betre oversikt og oppfølging gjennom systematisering og kontroll.
Næringa skal systematisere data innhenta i Dyrevelferdsprogrammet for å få ei betre oversikt over utviklinga av dyrevelferda i svinenæringa, og gjere det enklare for slakteria å fange opp bønder som ikkje følgjer regelverket.
I tillegg skal opplysingar frå Mattilsynet sine eksisterande kontrollar på slakteria brukast for å følgje opp utviklinga på dyrevelferda.
Når det gjeld halm og strø hjå grisane er næringa i samtalar med Innovasjon Norge om tilskot for å prøve ut nye bingeutformingar, gruppestorleikar, aktivitetsareal og liggeareal.
Besøkringar for svinebønder
Haldningsskapande arbeid er svært viktig. Dårlege haldningar gjev dårleg åtferd.
Haldningsskapande arbeid er svært viktig. Dårlege haldningar gjev dårleg åtferd
Noregs Bondelag og Norsvin har gått saman om å organisere besøksringar for bønder i svineproduksjonen. Målet er at alle svinebønder skal få besøk.
Pilot for besøksringar var planlagt og avtalt med oppstart i vår, men er utsett inntil vidare på grunn av koronapandemien.
Dessutan ynskjer næringa å løfte dyrevelferd som tema i alle organisasjonar i næringa, og ta det opp ved ulike høver der bøndene samlast.
DigiPig – app for dyrevelferd
Eit spennande forskingsprosjekt som førgår no for å auke dyrevelferda er DigiPig.
Dette er eit prosjekt der forskarar jobbar med å lage eit overvakingsprogram som skal kunne kjenne igjen negativ og positiv åtferd hjå slaktegris.
Eit slikt digitalt overvakingssystem som varslar bonden om avvik gjennom ein mobilapp vil løfte dyrevelferda.
Med eit slikt varslingssystem kan bønene tidleg oppdage dyr med problem og sette i gang førebyggjande tiltak tidelgare enn i dag. Dette er eit godt eksempel på innovativ forsking som gleder oss til å del i som studentar og i yrkeslivet.
- Les innlegg frå ein norsk svinebonde: «Sjølv om grisane i fjøset mitt har det bra, er det ingen tvil om at dei kunne hatt det betre»
Stolte over næringa
Vi opplever at vår generasjon kan vere splitta i oppfatninga av kva som er god dyrevelferd og korleis utviklinga bør vere framover.
Det er diverre slik at det blir færre og færre som har eit forhold til dagens svineproduksjon og landbruket elles.
Sjølv om forsking er viktig, vert formidling av forsking minst like viktig dei komande åra.
Det er mange avgjerder som skal takast av politikarar, organisasjonar og forbrukarar og dei må vere basert på berekraft og heilskap.
Så står det att å takke svinebøndene, og alle andre norske bønder, som står på kvar dag; for dyra sine, og for at vi skal få mat på bordet.
Vi, som er den komande generasjonen i det norske landbruket, er stolte over å ta del i ei framtidsretta næring som vil forbrukar, bonde og ikkje minst dyra sitt beste.
Mykje har allereie blitt gjort og som vi ser vil det vere eit stort fokus på dyrevelferd også i åra framover.
Det gjer at du kan ete julemiddagen med god samvit. Den er produsert med omsorg og kjærleik for dyra.
Marit Andrisdotter Kvam – husdyrvitskapsstudent
Steffen Fjellestad – veterinærstudent
Bergljot Oldre – veterinærstudent
Henning Røyneberg – bachelor i husdyrfag- velferd og produksjon
Les innlegg frå Eirik Lygre: «Vedum har større filosofiske problem enn han trur»
