«Griseindustriens hemmelegheiter er ute i offentlegheita»

Helle Haukvik, veterinær og rådgjevar i Dyrevernalliansen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» følgjer vi Noruns opplevingar medan ho filma med skjult kamera på norske svinegardar.

Filmen viser bekmørke sider av norsk landbruk, milevis unna glansbiletet kjøtindustrien freistar å skape av norske forhold. Mange er sjokkerte og sinte. Kva no?

Det er ei utbreidd myte at Noreg har verdas beste dyrevelferd

Det er ei utbreidd myte at Noreg har verdas beste dyrevelferd. Norsk svinenæring slit med alvorlege dyrevelferdsproblem, også i dei fjøsa som ikkje bryt lova. I tillegg til den grove valden bør publikum også leggje merke til at filmen viser forferdelege sider ved norsk intensivt svinehold, som er heilt lovlege.

Kvardagen i norske grisefjøs er tronge bingar med harde, glatte golv. Purker som føder så mange grisungar at å avlive dei minste er ein rutinejobb. Grisebingar som er så små at dei svakaste dyra ikkje kan flykte når dei vert angripne av andre grisar. Dyr og bønder vert pressa til det ytste, i eit system bygd opp for å produsere store mengder kjøt til lågast mogleg pris.

Grisar er ikkje maskiner som kan effektiviserast, dei er individ med følelsar, tankar og behov. Dokumentaren må føra til handling. Vi må snu norsk landbruk i ei meir dyrevenleg retning! I tillegg til å straffa dyremishandling ved til dømes avkorting av tilskot, må betre dyrevelferd bli lønsamt. Statleg støtte bør prioritera mindre intensiv drift som gjer det mogleg å ta omsyn til grisens behov.

Vi må produsere mindre kjøt på ein betre måte, med respekt for dyra og skikkelege vilkår for bonden

Kjøtindustrien hevdar allereie at dei har rydda opp. Men endringane dei skryt av er minimale, og handlar stort sett om å freista å sikra at lova ikkje vert brote. Mange tiltak har allereie vore gjeldande i årevis hjå smågrisprodusentane i filmen: meir av det same har inga truverd. Den norske grisen fortener tiltak som monnar!

Vi må produsere mindre kjøt på ein betre måte, med respekt for dyra og skikkelege vilkår for bonden. Landbruket fryktar kanskje at ein høgare pris vil gje konkurranse frå billigare importkjøtt. Men plantemat og reint kjøt dyrka fram i laboratoriet kan raskt bli like reelle alternativ for bevisste forbrukarar.

Griseindustriens hemmelegheiter er ute i offentligheita, no må vi krevje ei endring. Store mengder billeg kjøt er negativt for dyrevelferda, bonden, helsa og miljøet, og bør bli eit skjellsord. Forskrift om hold av svin må gjennomgåast og forbetrast. Landbruksministeren må syte for at betre dyrevelferd lønar seg. Det hastar no.

Grisane har allereie venta altfor lenge.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på framtida @ tips.no!

  • Les også innlegget: «Sjølv om grisane i fjøset mitt har det bra, er det ingen tvil om at dei kunne hatt det betre»

    Illustrasjonsfotoet eg har vald er den sjukaste grisen av dei 120 grisane eg har i fjøset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Slik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjøs, skriv Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat