I Morgenbladet denne veka er Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum i det filosofiske hjørnet. Dersom alle legg om til eit vegansk kosthald får ein ei utfordring, meiner han. Då ville nemleg alle husdyra døy ut, og dette er det store problemet til veganarane, ifølgje Vedum.
Det høyrest unekteleg absurd ut. Livssynet som nettopp tar sikte på å betra dyrs livssituasjon og unngå utnytting av dyr, ser ut til å medføra ei regelrett utrydding av husdyra.
Spørsmålet blir dermed: er det betre for husdyra å eksistera under dagens forhold, eller ville det vore betre for desse dyra å ikkje eksistera i det heile tatt?

Vedum ser såleis ut til å ha eit poeng. Sjølv om husdyra lever vesentleg kortare liv enn det som er naturleg, og sjølv om livssituasjonen deira er langt ifrå optimal, er det vel betre enn å ikkje eksistera?
Premisset for argumentet til Vedum: eksistens er alltid betre enn ikkje-eksistens
Her er vi komne til premisset for argumentet til Vedum: eksistens er alltid betre enn ikkje-eksistens. Og så lenge dyra opplever meir nyting enn liding i løpet av sin relativt korte eksistens, ser det ut til at vi med rette kan setja desse dyra til livs. Det er sjølvsagt eit stort spørsmål om dyra i landbruket faktisk opplever mindre liding enn nyting, men det verkar heller ikkje utenkeleg.
Les også: Dagens kjøttindustri blir utkonkurrert innan 2040
Menneskelege organfarmar
Når Vedum først har funne vegen til det filosofiske hjørnet, har han samstundes stilt seg lagleg til for tankeeksperiment. Vi legg, som Vedum, til grunn at det alltid er bra å eksistera, og det gjeld sjølv om livet skulle bli avkorta nokre år før det som er naturleg.
Og dersom det som avgjer verdien av eit liv er at ein opplever meir nyting enn liding, er det ingen grunn til å skilja mellom menneske og andre dyr. Vi aksepterer no at også ikkje-menneskelege dyr er bevisste, og vi legg til grunn at dei lid på omtrent same vis som vi gjer.

Under den same logikken er det ingenting som står i vegen for menneskelege organfarmar, der vi haustar organ frå menneske som er fødd inn i denne hypotetiske industrien.
Det høyrest rett nok uakseptabelt ut, men det verkar enkelt å forsvara praksisen dersom dei ufrivillige organdonorane opplever hakket meir nyting enn liding i løpet av si korte levetid.
Alternativet er sjølvsagt at desse vandrande organdonorane ikkje får leva i det heile tatt, og såleis ser det ut til at vi pliktar å bevara slike farmar, fordi alternativet – å ikkje eksistera – er verre.
Ingen veg ut
Det ser altså ut til at vi ikkje kan akseptera Vedums argument utan å også vera forplikta til menneskelege organfarmar.
Har vi andre utvegar? Kanskje mennesket på eit eller anna vis bør ha forrang i kraft av vår overlegne fornuft, komplekse språk og evne til refleksjon?

Då måtte vi i så fall utelukka spedbarn, demente og menneske med kraftig nedsette kognitive evner frå dette nye moralfellesskapet. For dersom ein avgjer moralsk status på kognitivt grunnlag, ville enkelte dyreartar langt overgå desse gruppene.
Anten må vi altså tilskriva ei rekke andre artar – inkludert mange husdyr – moralsk status på linje med menneska, eller så må vi utelukka mange menneske.
Dette er heller inga løysing for Vedum.
Forskjell på potensielle og faktiske liv
Men kva om det viser seg at dyr i industrielt landbruk har ei stor overvekt av nyting, og lid svært lite? Framleis kan det vera djupt umoralsk å setja nye slike dyr til livs.
Grunnen er at det verkar å vera forskjell på kva som gjer eit liv verd å halda fram, og kva som gjer eit liv verd å begynna. Vi ser annleis på eit tilfelle der nokon i vaksen alder får påvist eit alvorleg syndrom, og eit foster som får påvist det same. Mens det verkar klart at det vaksne livet er verd å fortsetja, er det langt ifrå klart at vi bør setja eit foster til livs med same prognose.
Vi stiller rett og slett høgare krav til potensielle liv enn vi gjer til liv som allereie eksisterer
Vi kan altså meina at dyr som lever i industrielt landbruk i dag fører liv som er verd å halda fram, utan at det medfører at vi bør setja fleire liv inn i same situasjon.
Vi stiller rett og slett høgare krav til potensielle liv enn vi gjer til liv som allereie eksisterer.
Trygve i trøbbel
Kva sit vi så igjen med, utover ein drøss filosofiske problem? Det ser ut til at det er uråd, som Trygve Slagsvold Vedum gjer, å meina at eksistens alltid er ein bra ting (eventuelt at det er bra gitt at den som eksisterer opplever meir nyting enn liding).
Premisset Vedum bygger verkar nemleg å implisera at vi også bør oppretta menneskelege organfarmar. Ikkje berre det: Vi kunne også setja folk til livs i slaveri, så lenge slaven opplever meir nyting enn liding, og så lenge alternativet er å ikkje eksistera.
Altså kan vi nødig akseptera at eksistens alltid er bra, eller at det einaste som betyr noko er ei overvekt av nyting.
Les også: Forskar om Sps «nye vending»: Ein tenkte ikkje på Sp som eit populistisk parti før Vedum
Ikkje-eksistens råkar ingen
Dersom verda skulle, som Vedum ser ut til å frykta, kollektivt legga om til eit vegansk kosthald, ville det i det heile tatt råka nokon?
Dei eksisterande husdyra ville leva ut sine liv, og ingen nye ville bli sett til livs. Men for å bli råka av dette må ein først eksistera.
Konsekvensane i dette tilfellet kan altså ikkje tilskrivast nokon som helst, for potensielle dyr har verken moralske rettar eller moralsk status. Dermed kan ikkje-eksistens aldri vera negativt, for dei det eventuelt skulle ha råka eksisterer trass alt ikkje.
For at noko skal vera etisk dårleg, må det vera dårleg for nokon. Det er ikkje tilfellet her, og det ser dermed ut til at Vedum har vikla seg inn i større problem enn veganarane han kritiserer.
(Her kan du lesa meir om «Den fråstøytande konklusjonen» og «Ikkje-identitetsproblemet» som denne meininga er basert på.)