«Å respektere dyr kan ein vanskeleg gjere uten å ta omsyn til kven dei er»

Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Etter å ha høyrt meg fortelje om ulike dyrs evner i eit radioprogram, sausar stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) saman attgjevingar av fakta med personlege opplevingar i Nationen 23. juli, og krydrar det heile med å latterleggjere både dyra og meg.

Det er ikkje nytt at dyrevelferd blir forsøkt bortforklart ved hjelp av hersketeknikkar. Det er likevel litt overraskande at dette fortsatt skjer i 2019, frå ein rikspolitiker som burde vite betre.

I løpet av dei siste tiåra har forsking gitt eit stort tilfang av kunnskap om dyrs evner og behov. Spørsmålet er i kva for grad denne kunnskapen leggast til grunn for driftsmåtane i det intensive landbruket.

Det er eit politisk spørsmål om lovverket og støtteordningane i landbruket reflekterer vitskapeleg kunnskap i tilstrekkeleg grad.

Landbruket har ikkje einerett på å meine noko om dette. Det angår oss alle, og ikkje minst dyra.

Les innlegget til Geir Pollestad: «Dyr er ikkje mennesker og skal ikkje samanliknast. Det er naturleg å eta dyr»

Stortingspolitikar Geir Pollestad meiner god dyrevelferd er både bonden og myndigheitene sitt ansvar. Illustrasjonsfoto: Kameron Kincade, Unsplash.com/Stortinget

Svinedokumentaren

Tidlegare i sommar sendte NRK ein dokumentar som avslørte grove brot på dyrevelferdslova i norsk svinenæring.

I denne situasjonen valde Pollestad, som næringspolitisk talsperson for Senterpartiet, å halde seg ualminneleg taus. Nå vel han altså å bruke si stemme til å latterleggjere den same dyregruppa.

Dyrevelferdslova har eit mål om å bidra til respekt for dyr.  Å respektere dyr kan ein vanskeleg gjere utan å ta omsyn til kven dei er.

Dyr som lever i intensivt landbruk i Noreg, som høner og grisar, har rasjonelle og emosjonelle evner. Dei tenkjer og føler, og har ønskjer som mellom anna er motivert av grunnleggjande åtferdsbehov.

Å nekte for, eller snakke ned, nokon sine evner og behov, kan ikkje kallast eit forsøk på å hjelpe dei.

I debattane etter NRKs dokumentar blei dårlege haldningar trekt fram som ei hovudårsak til lovbrota og den omfattande dyremishandlinga.

Det er kanskje ikkje så rart om norske svinebønder nedvurderer dyrevelferd, når ein framstående landbrukspolitikar som Pollestad vel å fokusera på å latterleggjere dyrevern framfor å snakke det opp.

Det blir neppe betre haldningar i landbruket om ikkje leiarskikkelsar i næringa sjølv gjer eit ærleg forsøk på å respektere dyr. Politikarar som Pollestad ber eit ansvar.

Har du noko på hjarta? Send inn til framtida @ tips.no.

Les også: «Griseindustriens hemmelegheiter er ute i offentlegheita»

Veterinær og vitskapeleg rådgjevar i Dyrevernalliansen, Helle Haukvik, vil ha endringar i svinenæringa etter avsløringane frå Norun Haugen som infiltrerte næringa med skjult kamera. Foto: Ihne Pedersen/Skjermdump NRK Brennpunkt

«La oss spørre dyrene»

Eg vil oppmoda Pollestad til å bruke 20 minutt av sommaren på å sjå filmen «La oss spørre dyrene», om dyrs evner og behov. Den er produsert av Association for the Study of Animal Behaviour og forskarar ved Universitetet i Cambridge og Universitetet i Bristol, og ligg på YouTube.

Filmen er berekna til bruk på barneskular, men vurdert ut frå Pollestads kommentarer, tyder mykje på at den kan vere opplysande også for han.

Grunnleggjande kunnskap om dyr kan på fleire måtar vere nyttig for ein politikar som ønskjer bidra til framtidas landbruk.

Les også innlegget: «Sjølv om grisane i fjøset mitt har det bra, er det ingen tvil om at dei kunne hatt det betre»

Illustrasjonsfotoet eg har vald er den sjukaste grisen av dei 120 grisane eg har i fjøset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Slik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjøs, skriv Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat