Changemaker: «All I want for christmas is a menneskerettslov for næringslivet»

Marte Hansen Haugan
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No er det snart jul, og dei aller fleste har allereie kjøpt, eller held på å kjøpe, julegåver til nære og kjære. Eg, som så mange andre, er glad i å både få og kjøpe julegåver til dei eg er glad i. Eg handlar, ikkje overraskande, ein god del meir på denne tida av året.

Det er også tida av året kor eg tek meg sjølv i å tenkje på kor lite eg faktisk veit om varene eg kjøper. Er gåva eg nettopp kjøpte til mammaen min produsert under etiske forhold? Har dei som laga t-skjorta eg akkurat kjøpte fått god nok løn for den?

Dette er spørsmål eg ikkje får svar på, sjølv om eg aktivt etterlyser dei.

Valfritt å følgje menneskerettane

I dag er det nesten valfritt for norske bedrifter å følgje menneskerettane i utlandet. Nokre selskap tener til og med vilkårslaust på å bryte dei. Det er utruleg urettferdig.

Tekstilarbeidarar i land som Bangladesh og Kambodsja jobbar under elendige arbeidsforhold, og får så vidt nok løn til å få endane til å møtast, slik at vi kan få billige klede. I Kongo jobbar barn i livsfarlege koboltgruver slik at vi får batteri til den nyaste iPhonen, som ligg godt pakka under juletreet i mange norske heimar.

Tanken på at norske bedrifter i dag kan medverke til grove menneskerettsbrot, og samstundes vete at dei kjem unna med det, gjer meg sint. Av alle land, så burde Noreg vere eit føregangsland som sørgjer for at det norske næringslivet ikkje tener på at menneske må arbeide under horrible forhold.

Ønskjeliste: Lov

Når verken staten eller bedriftene tek ansvar, vert ansvaret liggjande att hjå forbrukaren.

Det er vel og bra å ha eit medvite ansvar til kjøp ein føretek seg av fleire ulike grunnar, men eg meinar likevel at ansvaret ikkje bør liggje hjå den enkelte. Ikkje berre fordi det er utruleg vanskeleg for ein forbrukar å finne informasjon, men fordi det er fleire fordelar med å få på plass ei lov.

Det burde ikkje vere lønsamt å bryte menneskerettane

Ved å ansvarleggjere selskap, i form av å gje sanksjonar til dei som bryt lova, vil ein sørgje for at bedrifter må følgje menneskerettane for å kunne oppretthalde produksjonen sin. I tillegg vil det løne bedriftene som produserer etisk, ved at det vert likare konkurransevilkår. Det burde ikkje vere lønsamt å bryte menneskerettane!

Øvst på ønskjelista mi i år står det ei menneskerettslov for næringslivet. Det verkar dessverre som eg ikkje får oppfylt ønsket mitt til jul i år, men eg skal skrive det opp til neste år. For den gode nyheita er nemleg at det er litt over eit år sidan etikkinformasjonsutvalet kom med eit lovforslag til ei slik lov.

No må politikarane berre sørgje for å få den gjennom i Stortinget!


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Frå venstre: Mukamba Jackson Watongoka (16) og Daniel Akilimali Wilondja (17) vitja Noreg i sommar. Foto: OD