– Forby import av varer frå barnearbeid

Erik Justus Grünert, Bergen Unge Venstre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først publisert i Bergens Tidende og er gjengjeve og omsett med velvilje.

Hugsar du den gongen foreldra dine sa til deg, då du var åtte år gamal, at du skulle slutte på skulen for å byrje å jobbe i ei mineralgruve for å betale ned familien si gjeld?

Eller då du jobba på ein bomullsplantasje 12 timar om dagen, sju dagar i veka, kvar veke som 12-åring?

216 millionar barnearbeidarar

Det gjer verken eg eller du, og akkurat det skal vi vere sjukt takknemlege for. Men dette er forhold som Redd Barna blant fleire rapporterer om. Dette er forhold ingen barn skal leve under.

Men då kan vi som forbrukarar heller ikkje kjøpe eller forbruke produkt som bidreg til denne forferdelege situasjonen så mange barn sit i.

FNs Barnekonvensjon står det klart og tydeleg at alle barn har rett til å gå på skule. Dette er ein konvensjon som er skriven under på av 196 land, Noreg inkludert. Ein avtale som er fantastisk bra og fin etter alle moglege innfallsvinklar.

Problemet er berre at den ikkje er supereffektiv i alle desse 196 landa. Ifølgje Redd Barna finst det 216 millionar barnearbeidarar den dag i dag, barn som jobbar på fabrikk, i gruver, eller innanfor jordbruk.

Føreslår importforbod

Mange vil nok tenke når dei les det talet, at det kan ikkje vi her i Noreg gjere noko med. At vesle Noreg oppe i nord skal kunne påverke dette.

Men jo, vi kan påverke det og i ganske stor grad, om du spør meg. Men eg snakkar ikkje om u-hjelp her.

Eg snakkar om eit absolutt importforbud av varer produsert totalt eller delvis gjennom barnearbeid. For alle industriar der vi veit det er eit omfattande problem, må vi innføre krav til dokumentasjon med bevisbyrden på produsenten si side. Dei som ikkje kan dokumentere dette, vil ikkje få lov til å eksportere varer til Noreg.

Kan tvinge selska til å slutte med barnearbeid

Dette vil også skape ringverknadar utanfor Noreg sine grenser. Om det skulle vise seg at eit større internasjonalt selskap ikkje får lov til å selge i Noreg på grunn av barnearbeid, vil det bli ei nyheit i resten av verda. Det kan tvinge selskap til å slutte med barnearbeid, om dei vil unngå å gå konkurs.

Difor skal det førast ei offentleg tilgjengeleg oversikt over kva produsentar det ikkje er lov å importere frå, som bør vere tilgjengeleg på norsk og engelsk.

Ja, t-skjorta di blir kanskje litt dyrare. Men er det ikkje digg å vite at det ikkje er ein åtteåring som har sydd den? Er ikkje det verd dei små kronestykkene du eventuelt må betale ekstra for at den same åtteåringen kan gå på skule og ha ein reell sjanse til å skape sitt eige liv?

Har du noko på hjarta? Send oss eit meiningsinnlegg på tips(a)framtida.no!

Karine Grindahl er juniorrådgivar frå URO – Ungdommenes rettighetsorgan. Foto: privat