«Gripne av vinden – la oss verte like gripne av bølgjene»

Harald Nyland (20)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Havet er stadig og konstant i rørsle, sidan det blir påverka av vinden. Difor kan vi seie at denne energien er ein form for solenergi, då vinden vert påverka av sola si varme som treffer jorda. Bølgjer transporterer ikkje vatn, men energi. Difor er det stor potensial i å utnytte denne energien.

Bølgjekraft har møtt på mykje motstand opp igjen om åra, noko som har medført at sentrale myndigheiter ikkje har valt å satse på denne teknologien. Ein kan seie at bølgjekrafta er bannlyst.

Kva motviljen botna i er komplekst, men den viktigaste grunnen er at det er ein vanskeleg energikjelde å fange, der den er dyr og er endå i ein pilotfase. Noreg har god kompetanse på å hente energi frå havet, difor må ein bruke den kunnskapen for å gjere bølgjekrafta moden igjen.

Sjølv om ein teknologi har møtt på motstand, kan ein ikkje berre slutte å vidareutvikle og forske. Med den tankegangen ville verda stått stille.

Gamal teknologi, men ikkje optimal utvikling

Å utnytte energien i bølgjene er ikkje nytt, men strekker seg fleire hundre år tilbake i tid. Sjølv om teknologien er gamal, har vi ikkje sett ein optimal utvikling.

Ein av grunnane til dette er at ein kan fange opp energien i bølgjene på mange måtar, og anlegget må også kunne stå i mot ekstreme bølgjer når stormen står på som verst. Difor krev det forsking på korleis ein kan bygge desse anlegga på ein best mogleg måte. Dette er dyrt. All teknologi som er i startfasen er kapitalkrevjande. Noko som også vindkraft var under utvikling.

Det er ikkje til å stikke under stol at vi vil trenge meir fornybar energi i framtida. Difor kjem bølgjekrafta inn på bana.

Det finst meir energi i bølgjene enn verda har bruk for

Bølgjekrafta har ein større energitettleik enn vindkraft, noko som vil medføre at ein vil trenge mindre areal for å hente ut energien. I utgangspunktet vil også konfliktnivået vere mykje mindre enn landbasert vindpark. Potensialet i bølgjekraft er mykje større ein potensialet i vatn og vind, der det også finst meir energi i bølgjene enn verda har bruk for.

Difor er tida inne for ein ny satsing på utvikling av bølgjekraft, med offentleg støtte. Der vi treng politikarar som legg til rette for gode rammevilkår og investorar som tør å satse.

Noreg var verdsleiande innan denne teknologien, men no skjer utviklinga i andre land. Vi må ta leiarrolla tilbake. Der vi både har kapital, ein lang kystlinje og kompetente arbeidarar som er klar til å satse på denne teknologien. Slik at ikkje norske verksemder blir bedne om å sjå til utlandet for å satse på sin teknologi.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Naja Amanda Lynge Møretrø (til venstre) er leiar av Changemaker sitt politiske utval for klima og miljø medan Matilde Angeltveit (til høgre) er 2. nestleiar i Changemaker. Foto: Privat Kollasj: Framtida.no