«Dei med depresjonar, druknar i mørket og dei som er einsame, er meir aleine»

Nikolai Aa. Løge
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten er finalist i skrivekonkurransen til Framtida.no, Falturiltu og Magasinett i konkurranse med over 200 andre ungdommar over heile landet.

Dei som allereie hadde angst, opplever den sterkare enn nokosinne før. Dei med depresjonar, druknar i mørket og dei som er einsame, er meir aleine.

Konsekvensane av det katastrofale i 2020 er mange, men det er ikkje nok fokus på korleis det kan påverke dei som slit.

Frykta legg eit lag om hjernen, byggjer ein vegg bak augo som blokkerer ut alt av ljos og inntrykk.

Det forlèt deg einsam og aleine, tapt i eit lag av tåke.

Jo meir du tenker, desto mindre har du å tenke på. Ein som tenker mykje har til slutt ikkje anna å tenke på enn tankar. Ein blir gal av det.

Håpet verkar tapt, ein ser ikkje lenger eit ljos i enden av tunellen. Himmelen er grå, alle går i svart. Kva gjer ein når ein ikkje har ein gud å tale med? Skal ein be til seg sjølv? Slå hendene saman, flette fingrane om kvarandre.

Kva er håp? Korleis integrerer ein håp i kvardagen? Kva er det å håpe på?

Ein skimt av ljos bak trea, ein gyllen stråle frå den gule sola. Varme i kinna, raud nyanse som blussar opp bak augneloka. Kan ei sol gje håp? Om ein leitar lenge nok.

For meg er eit dyr noko som kan gje håp

Ein varm pelsdott som pressar inn i magen, eit lite nyste av barnsleg uskuld. Ein som ikkje talar, men lyttar til alt, same kva dumt ein spyr ut. Ein som alltid er ved eins side, dultar til deg med snuta og ber deg om å vakne opp. Halen som svingar fram og tilbake kvar gong ein trår inn i rommet, stoppar brått.

For meg er eit dyr noko som kan gje håp.

Dei gjev ein tanke om at du har noko å leve for, eit liv du skal skjerme dei frå dei skumle tinga som hender i verda. Dei har ikkje moglegheit til å passe på seg sjølv, dei treng deg for å overleve.

Når alt verkar som det er sett fast på repeat, når mørket svimlar rundt deg. Når ein trer om snora vil djupe augo trekkje deg tilbake til den røynlege verda.

«Eg treng deg.
Ikkje la meg stå att aleine.
Eg er her, la meg vere ljoset som dreg deg ut»

Det er håp. Alltid.


Les også vinnarinnlegget i skrivekonkurransen av Fatemeh (16): «Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjartet, og aldri kryssa fingrane så hardt»

Illustrasjonsfoto: Lina Trochez/Unsplash. Innfelt: Fatemeh Adili/Privat.