...og gjekk frå jobben som karsedyrkande sivilarbeidar i Røde Kors til humor døgnet rundt.

– Året var 1999, eg hadde langt hår, og flytta heimanfrå til mi første leilegheit: ein mystisk, knøttliten kjellarhybel utan komfyr på Oslos dyraste adresse, Odins gate, på Frogner.

Det skriv Jon Niklas Rønning i ein e-post til Framtida.no. I år, som så ofte før, har den musikalske komikaren teke kjenslene våre på kornet.

Karse, islendar og raggsokkar

Tilbake i 1999 arbeidde Rønning som sivilarbeidar for Norges Røde Kors. Han tok bilete for Tankekors-magasinet deira, gjekk rundt i islendar og raggsokker i det opne arbeidslandskapet og dyrka karse på kontoret.

Hybelen vart betalt av sivilarbeidarkontoret, og planen var at leilegheita skulle husa både Jon Niklas og kjærasten Mona.

– Vi hadde ikkje ein gang rokke å setje frå oss skoa i gangen før huseigar såg på Mona og sa: «Hun der kan ikke bo her, da går det for mye varmtvann». Eg hadde ikkje sjekka om leiga gjaldt for éin eller to. Depositumet var uansett betalt, eg flytta inn i det mørke kottet og forholdet byrja etter dette å gå i gryande oppløysing. På kvelden leigde eg obskure grøssarar på VHS på min lokale Video Nova for å liksom gni inn traurigheita.

Anders Bye (t.v) og Jon Niklas Rønning flytta saman og dreiv med humor heile døgnet då dei fann kvarandre i 1999. Foto: Privat

Komisk kjærleik ved første blikk

Men det var òg store ting som skjedde.

Året han vart 20 starta Rønning samarbeidet med Anders Bye, saman vart dei kjent for publikum som Bye & Rønning.

– Vi fekk overta radiofrekvensen til ei obskur progrock-sending som heitte Tarkus Radio i tre veker og laga sommer-radioprogrammet Bye & Rønning show på FM 101,1. Det var komisk kjærleik ved første blikk, og frå å vere bekjente med to års aldersforskjell i skulegarden på dramalinja på Hartvig Nissens videregående skole, var vi no tett samanvevd i humorens teneste.

– Det er sånne lykketreff ein berre opplever nokre gangar i livet. Det føltest sikkert som då Bård møtte Harald og Lystad møtte Mjøen – uten å skryte på oss ei samanlikning for øvrig, så klart.

Debuterte på Ila landsfengsel

– Hugsar du kva som skjedde? 

– Dette var året Bye & Rønning debuterte på scena, millenniumsnatta på Ila landsfengsel, for dei innsette. Då laga vi vårt eige show kor vi sang artistparodiane frå radiosendinga vår. «If we can make it there, we can make it anywhere» følte vi sikkert, vi splitta dei 2500 kronene vi fekk for jobben og sidan var vegen brulagt for oss.

Den unge duoen var ein hit på standupklubben Lille i Bygdøy allé med det same, og blei kasta rett inn i et eksplosivt standupmiljø.

– Eg slutta som sivilarbeidar, Anders og eg flytta inn i leilegheit saman – og blanda nettene ut i humorskriving og forsking på humorhistorie. Lykka eigde ikkje skugge av noko slag. Vi snudde døgnet på hovudet – og eg hugsar at vi sleit med å stå opp for å rekkje postkontoret før det stengde. Ein dag bestemte vi oss for å stå opp grytidleg, kl. 11, for å snu døgnrytmen. Dette var ein vintersøndag og vi stod hutrande framfor Peoples kafé ved Sentrum Scene og innsåg at alt var stengt.

«Vi har jo hatt rett heile tida,» tenkte komikarane og heldt fram si intense tosemd i vennskapet, natteranglinga og humorens teneste.

Om han møtte seg sjølv som 20-åring ville Jon Niklas Rønning kjent seg sjølv att, og sakna det lange håret. Foto: Privat

Svensk musikk, indisk mat

– Kva lytta du til?

– Eg lytta ustanseleg på låtene til Lars Winnerbäck på Kenwood-CD-anlegget eg hadde flytta med meg frå guterommet heime. Særleg plata Rusningstrafik som på ein måte er blitt filmmusikken til livet mitt – og Med solen i ögonen som kom året før.

– «Vi borde inte sitta här och dricka öl varenda kväll, vi borde göra nånting bra, men det är ingen som har lust». Eller: «Det är nudlar och lånade pengar, du har grå efterslängar, men lyckan i grunden, precis som jag». Sånne ting.

– Og så lytta eg mykje til Stefan Sundström. Svenske trubadurar med djup melankoli.

Jon Niklas Rønning har alltid vore glad i sterk mat. Foto: Privat

– Hugsar du 20-årsdagen din? 

– Bursdagen feira eg med kjærasten min Mona, mamma, pappa og veslesyster Malin over indisk mat på Village Tandoori. Gåveoverrekkingar og Cobra-øl i det som var mitt nye nabolag no, nemleg Frogner.

– Eg har ei dragning mot sterk mat – og dette var første gang eg åt den sterkaste styrkegraden det indiske kjøkkenet tilbyr, nemleg vindaloo. Eg trudde lenge eg hadde ete den sterkaste graden, heilt til eg ein dag fekk bestilla den hemmelege styrkegraden som er over vindaloo: tindaloo.

Inspirert av Brødrene Dal

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Det må vere den enorme responsen Bye & Rønning fekk på standupklubben Lille då vi gjorde humorparodi-songane våre. Anders var eigentlig for ung til å vere der – fordi det var 20-årsgrense, samtidig var han ein naturleg meister på scenen med sin klokkeklåre Lars Lillo-Stenberg-parodi, som vi hadde med i showet vårt. Eg hamra laus på gitaren, vi song humorlåtar for harde livet – og følte at livet var evig forankra i bølgjene av applaus og latter.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Ja, eg visste allereie frå seksårsalderen at eg ville jobba med komedie. Det var ei reprisesending av Brødrene Dal og Spektralsteinene på svensk tv i 1986 som inspirerte meg. Etter det søkte eg og blei skodespelar i NRKs Midt i smørøyet og ei ny verd opna seg. Så følgde dramalinjen på Hartvig Nissens videregående skole, skulerevyar, Bye & Rønning og alt anna i livet som har gjort at eg er blitt den eg er no.

–  Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var veldig optimistisk, og følte puslespelbiten i humorkarrieren var på plass med Anders og mitt samarbeid. Det var mykje rastløyse og høge ambisjonar om å drive med komedie som dreiv oss. Eg var så ekstremt lukkeleg over å ha funne ein humoristisk sjelevenn i Anders. «In my time we ate, slept and dreamed comedy» som Buster Keaton sa det så fint. Lett å kjenne seg att i.

Jon Niklas Rønning var ein skøyar som fann på spøkar òg i jobben som sivilarbeidar. Foto: Privat

«Guinness-øl er ikkje så godt»

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville nok kjent meg sjølv igjen, ja – og sakna det lange håret mitt litt – og antakeleg ledd litt av min eigen uredde humor i sosiale settingar. Eg hugsar meg som ganske spontant morosam og litt uføreseieleg på allmøtene i sivilarbeidartida på Røde Kors. Eg laga eigne humormagasin med tøysenyheiter om greiner av Røde Kors-organisasjonen som ikkje fanst – og la det i hylla til Sven Mollekleiv og Thorvald Stoltenberg, som eit supplement til dei meir alvorlege presseklippa eg skulle dela ut i same slengen.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville kanskje sagt: «All den energien du brukar på å lage humor og tøys, bruk bittelitt av den på å byggje eit stabilt privatliv også». Og kanskje: «Guinness-øl er ikkje så godt som du påstår akkurat no».


Har du fått med deg koronalåten til Jon Niklas Rønning? Den får tommel opp frå Folkehelseinstituttet. 

Oppdatert: måndag 14. desember 2020 08.30
ANNONSE