Då eg var 20: Tarjei Strøm var straight edge og stolt av det

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 07.12.2020 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blei 20 den 26. oktober 1998, og var nyleg ferdig med 12 års skulegang og sivilteneste og hadde ei deilig kjensle av å vere der eg skulle være i livet, minnast Tarjei Strøm.

I desse dagar er han aktuell som programleiar i NRK-programmet Ukjent arving, der han jaktar på etterlatne etter folk som tilsynetatande ikkje har etterlate seg nokon.

Men for vel 20 år sidan var det heilt andre ting han dreiv med.

Allereie då var han ein aktiv trommeslagar og hadde så smått byrja å få eit namn med bandet Ralph Myerz & The Jack Herren Band.

– Vi var svært aktive i studio, og sjølv om vi starta bandet året før hadde vi allereie begynt å turnere rundt om i Noreg, skriv Strøm i ein e-post til Framtida.no.

Som plomma i egget

Samstundes hadde han akkurat fått draumejobben i den nystarta platebutikken Free Record Shop i Bergen, og hugsar at han tenkte at «no kunne rett og slett ikkje livet bli noko betre»:

– Eg jobba med det eg elska i platebutikk, og hadde ein hobby i musikken som var altoppslukande. Det var ei heilt magisk tid.

– Samtidig hugsar eg ein deilig fridomsfølelse av det å vere ferdig med alt det «obligatoriske» ein skal gjennom som ung, med 12 års skulegang og sivilteneste.
Eg ser tilbake på denne tida med stor glede – eg hadde det rett og slett som plomma i egget og storkoste meg, eg var definitivt ein overlukkeleg 20-åring.

20 år gamle Tarjei Strøm (bak) fotografert på turné. Foto: Privat

Boblande bergensk elektronikascene

Nokre år tidlegare hadde Strøm bestemt seg for å satsa på musikken, og prioriterte bandet Ralph Myerz høgt. Dei var i studio, laga mykje musikk, og tok i mot alt dei kunne få av spelejobbar.

42-åringen skildrar det bergenske musikkmiljøet og den boblande elektronikascenen, med band som Røyksopp, Bjørn Torske, Erot, som positiv og inspirerande.

– Eg brukte også veldig mykje tid på eigenøving, fordjupa meg verkelig i trommene, drog mykje på konsertar og hang med vener som var interessert i det same som meg. Eg vaks veldig mykje både kreativt, musikalsk og som ung vaksen denne tida, veldig mykje av grunnlaget for resten av min karriere blei definitivt lagt her.

Stolt «straight edge»

Som 20-åring var Tarjei Strøm opptatt av den amerikanske «straight edge»-kulturen, og fann mykje identitet og styrke i det å vere rusfri.

– Sjølv om det var mykje festing og eit sosialt byliv, hadde eg bestemt meg for å halde meg unna rusmidlar – noko eg med stoltheit har halde meg unna i alle mine år.

– Det å ta det valet og stå i det, samstundes som eg har fått forståing og respekt for det hjå dei rundt meg, har også vore karakterskapande.

Tarjei Strøm bak disken i Free Record Shop, der musikknerden trivdest godt. Foto: Espen Berntsen

Frå kundebehandlar til programleiar

Dagtidsjobben var i den nystarta platebutikken Free Record Shop som var ein ny utanlandsk og eksotisk musikkaktør, som ifølgje Strøm, raskt blei veldig populær. Der fekk han verkelig brukt musikknerdeekspertisen sin, jobba sammen med likesinna og møta musikkinteresserte kundar i heimbyen.

– Dette med kundebehandling og alle aspekt av det å jobba med kundar, lærte eg utruleg mykje av – og masse av dette har eg kunne ta med meg inn i rolla som programleiar, og alle menneskemøta eg har der.

Tarjei Strøm hugsar ikkje stort som skjedde i verda eller Noreg i 1998 og meiner det seier ein del om kor oppslukt han var av si eiga vesle musikkboble.

– Eller jo, eg hugsar at Gardermoen opna – og at det var veldig eksotisk. Vi hadde akkurat begynt å spele konsertar utfor Bergen, og eg hugsar framleis følelsen av å kome til den heilt nye flyplassen. Det føltest som å kome til Amerika eller Japan, veldig high tech hugsar eg.

Gardermoen fotografert før opninga i 1998. Foto: Norgesarkivet

Frå KISS til elektronika

– Kva lytta du til?

– Eg hadde jo vakse opp med rocken på 80-talet, men frå midten av 90-talet blei eg veldig oppteken av jazz og elektronisk musikk/hiphop og blei veldig interessert i å forske på korleis eg kunne spele slike programmerte beats på akustiske trommer.

Strøm fekk etterkvart rykte på seg for å vere ei trommis som var god på akkurat det.

– Veldig spennande og gøy, men også veldig annleis enn det den 12 år gamle guten som ville spele trommer i KISS hadde håpa på. Eg ser også at grunnlaget for kven eg er som musikar i dag blei lagt på denne tida. Det var fantastisk å kunne fordjupe seg i alle slags sjangrar, studera stilane til andre trommisar og berre øve i timevis.

Tarjei Strøm var ikkje gamle karen då han fekk si første tromme. Det skulle vise seg å vere ei god investering i framtida. Foto: Privat og BT

Trommestikker som spruta flammer

På 20-årsdagen spelte Tarjei Strøm og resten av Ralph Myerz & The Jack Herren Band på kvarteret i Bergen, ein konsert dei hadde jobba masse med på førehand.

–  Vi skulle laga logoen vår i sånn lyspæreskilt som KISS hadde. Problemet var berre at vi hadde så langt namn at vi ikkje rakk meir enn 2 store bokstavar, skore ut i tre med masse lyspærer på. Det blei med bokstavane R og M, for å seie det mildt.

– Eg laga også nokre trommestikker som spruta flammer, men dei var umoglege å spele med.

Lærte av å gjesta tv og radio

Det sterkaste minnet var heilskapen av det å vere ung, og føle at ein står i startgropa til vaksenlivet.

– Eg ser i ettertid at eg vaks mykje på denne tida, og lærte ting som eg framleis dreg stor nytte av den dag i dag. Eg er utruleg takksam for denne tida, og er veldig glad for at eg følgde vegen eg gjorde og at eg hadde vener rundt meg, og ikkje minst foreldre, som støtta det eg gjorde 100 %. Det betydde mykje for ein ung gut, som valde ein noko utradisjonell veg.

Strøm ville driva med musikk som utøvande musikar, men var også interessert i andre aspekt av bransjen – promo, studio, medier rundt – og saug til seg alt han kunne av det som skjedde rundt dei.

– Når vi var gjestar på radio- og tv-program, følgde eg nerdete med på alt som skjedde – kva dei på kamera gjorde, korleis innspelingsleiaren jobba, kva som funka hos programleiaren og kva som ikkje funka.

Då han sjølv slapp til som programleiar hadde han lært ein heil del av å følgje med og leggje merke til korleis han sjølv følte seg som intervjuobjekt.

Allereie før han var 20 år gamal hadde Tarjei Strøm spelt på tv:

«Det kan vere greitt med ein plan B»

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg ser jo no at eg levde veldig i noet akkurat då, og at det opplevdest som ei ganske deilig og bekymringsfri tid.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg trur eg ville klappa meg sjølv på skuldra og sagt «stå på, dette ordner seg».

– Men som trebarnsfar sjølv, ser eg jo at det var ein ganske risikabel og smal veg å satsa på  så eg ville kanskje kviskra i øyret at «det kan vere greitt med ein plan B» sjølv om eg då aldri har hatt det.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Følg dramen, lev i noet, oppfør deg og pass på å lytt til erfarne fjellfolk.


Les også: Då eg var 20: Miss Tati var full av angst og ville ikkje satsa på musikken

Til venstre er Tatiana Palanca 20 år og ferierer i Portugal. Til høgre står ho på scena under Nattjazz med prosjektet Angola70. Foto: Privat/Sondre Eriksen