Då eg var 20: Miss Tati var full av angst og ville ikkje satsa på musikken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fekk jobbar på ein skule og i to barnehagar og pendla mildt sagt masse. Fritida brukte eg på å danse, synge og sjå på TV eller vere på PCen, skriv Tatiana Palanca i ein e-post til Framtida.

33-åringen har vore ein del av bergensbølgja i ei årrekkje og var sist å sjå på Den Nationale Scene i framsyninga Å Bergen, Bergen – en musikalsk hyllest til byen.

Tatiana Palanca (33) spelte nyleg i musikalen «Å Bergen, Bergen», som var ein musikalsk hyllest til regnbyen. Foto: Den Nationale Scene

Tilbake til røtene

Når ho ikkje hyllar bergenske klassikarar er Miss Tati, som er artistnamnet hennar, oppteken med Angola70. Her tek ho med seg dei angolske røtene sine på scena og syng på både portugisisk og dei angolske språka, som var ulovlege under kolonitida.

Me har spurt artisten kva ho tenkte og gjorde då ho var 20 år gamal.

– Eg hugsar eg tok dansekurs og blei kjent med to instruktørar frå dansegruppa Flava Few, som likte stilen min og inviterte meg til å trene med dei på ungdomshuset 1880. I tillegg fekk eg ein jobb som danseinstruktør på Vikinghallen, men sa opp etter 4 månadar fordi det var slitsamt å lære andre, når eg sjølv var ny i gamet og følte eg trong meir erfaring.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

– Høyrte på masse musikk…veit ikkje kor eg skal begynne. Eg fekk nokre mixtape-CDar frå ein danse- og DJ-kompis med sykt masse bra soulful house-musikk.

Yndlingslåten var Butterfly girl av DJ Spinna med Eric Roberson, elles gjekk dette på repeat:

– Hugsar også at eg hørte masse på Make you feel that way av Blackalicious fordi det gav meg så oppsig. Eg pleidde å laste ned musikk frå Limewire og Pirate Bay hehe. Der fann eg tilfeldigvis bootleg versjonen av det ikkje utgitte albumet av Bilal Love for sale. Eg høyrde på den heile tida. Etter at eg høyrde T.I. sin What you know, så begynte eg å like trap-musikk (hip hop-variant fra sørstatane).

Kjøpte ikkje så mykje plater på den tida, men hugsar at eg kjøpte Gnarls Barkley si St Elsewhere-plate fordi eg digga stryke- og korarrangementa til Crazy:

 

– Elles leigde eg masse CDar på biblioteket og oppdaga Jill Scott si liveplate Experience: Jill Scott 826+. Då eg høyrte publikumseuforien og hennar mektige stemme og samspelet med bandet, så begynte eg å dagdrøyme om å spele på scena med band.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg hadde så mange det året. Spelte konsert på ein sleppfest til ein kompis som gav ut ein mixtape på eit par klubbar. Han hadde sett meg spele på Garage året før og ba meg kome i studio fordi han dreiv å samla forskjellige bergensartistar til denne mixtapen. Både Freakshow og Tiern og Lars (Vaular) var med.

Hugsar at eg syntest det var kjempeskummelt å ta steget ut som songar og klarte ikkje å fullføra låtene fordi eg var full i angst og utrygg som vokalist og låtskrivar. Eg fekk så nedsig og ville ikkje satse på noko artistkarriere. Fekk heilt noia når folk sa eg burde melde meg på Idol sidan eg var så flink til å synge.

Det gøyaste det året var då eg reiste til Portugal på ei verdssamling for unge vaksne med portugisisk bakgrunn. Der helste eg på presidenten og blei intervjua av Merche Romero (som er eksen til Cristiano Ronaldo) i TV-programmet Portugal no coração (Portugal i mitt hjerte).

Tatiana Palanca (til høgre) og resten av dei portugugisiskætta ungdommane fekk møte dåverande president i Portugal Aníbal António Cavaco Silva. Foto: Privat

Tatiana blei kjent med folk frå Macau i Kina, Japan, Jordan, Australia, Canada, Brasil, Peru, Venezuela, og ei rekkje europeiske og afrikanske land.

– Vi hadde diskusjonar om korleis det er å bevare den portugisiske kulturen og språket når ein bur i eit anna verdshjørne. Vi var ei gruppe på ca. 40 folk totalt, og eg var den eineste angolansk-portugisiske bergensaren. Vår anthem som vi høyrte på repeat når vi reiste med bussen til forskjellige stader var baile funk-hiten Ela só pensa em beijar av MC Leozinho.

Tatiana Palanca tok fagbrev i kontorfaget og trivdes i yrket. Foto: Privat

Visste du kva du skulle bli i livet?

Nei, men eg var fornøgd med å jobbe med administrasjon og at eg hadde ei trygg inntekt. Eg dagdrøymde litt om å vere ein episk dansar og koreograf som Fatima Robinson og å synge i ei jentegruppe.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var optimistisk og begynte etterkvart å ha ei «go with the flow»-haldning. Samstundes var eg usikker på kven eg eigentlig var. Med ein mamma frå Angola og ein barndom frå Portugal var det å kome til Noreg ganske utfordrande. Ny kultur og andre ideal.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Naiv pike med stort hjarte, store draumar og alt for låg sjølvtillit.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Slapp av og ikkje stress så mykje. Sei nei meir enn ja. Ikkje døm andre og deg sjølv så hardt. Slutt å sløse så mykje tid og pengar på å gå ut og å kjøpe ting. Ikkje sløs tida på folk som berre tar av energien din og ikkje gir. Sett deg skikkeleg inn i rekneskapsføring og lær deg å spele piano og gitar no!

Les også om då Heidi Marie Vestrheim (20) oppdaga Joni Mitchell og den skeive verda:

Musikar Heidi Marie Vestrheim (42) har meir hår på hovudet i dag enn då ho jobba på Garage i Bergen som 20-åring. Foto: Christine Tintelnot/Privat