Då eg var 20: Sigrid Moldestad gjekk på folkehøgskule med 16-åringar og ville bli journalist

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fela og folkemusikken har følgt Sigrid Moldestad lenge.

– Då eg var tjue var eg nett komen heim frå eit lite år i Florida, USA. Der jobba eg i Walt Disney World som entertainer i den norske paviljongen på Epcot-senteret. Det var eit eventyr og første gong eg budde heimanfrå, minnast Sigrid Moldestad.

Den 47 år gamle folkemusikaren frå Breim er i desse dagar i full sving med julekonsertar, men vegen fram til å satsa på musikken har ikkje vore bein.

Frå Florida til Førde

– Eg hugsar at eg lengta veldig heim og at eg ikkje visste heilt kva eg skulle bli. Det enda med at eg flytta til Førde og byrja på journalistlinje på Sunnfjord Folkehøgskule der eg hadde ein spesialavtale fordi eg var så vaksen (!) jamfør dei andre på skulen, som stort sett var 16 år, skriv Moldestad i ein e-post til Framtida.no.

Ho budde på eigen hybel, tok ex-phil på friundervisninga og fekk velje dei timane ho ville ha på folkehøgskulen sjølv.

– Hugsar ikkje korleis eg fekk ein slik spesialavtale. Seinare resulterte dette skuleåret i at eg fekk praksis i NRK Sogn og Fjordane, sommarjobbar og seinare fast jobb hausten etter. Kjende meg veldig vaksen som 21 åring.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg lytta til mykje keltisk musikk i denne perioden. Irskebølgja hadde slått innover landet og eg forsøkte å lære meg å spele fele på same måte.

Høyrde mykje på ei skotsk gruppe som heitte Capercaillie, Altan, på felespelaren Martin Hayes og så oppdaga eg Sandy Denny og Fairport Convention i denne alderen. Ho har betydd mykje for meg sidan.

Eg elska dessutan svenske Marie Fredriksson og lytta også mykje til Waterboys, TOTO og Kari Bremnes, særlig songen Grågåsa. Favorittfilm frå dette året må vere svenske Änglagård og filmen Piano.

Ellers hugsar eg at boka Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede gjorde veldig inntrykk på meg. Forøvrig var vi veldig opptekne av røykelse, te og bøker som Profeten av Kahlil Gibran på den tida.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Egentlig ikkje. Men det kan godt tenkjast at eg var på festival. Gammaldansfestival. Vi spelte i orkester på denne tida og konkurrerte gjerne på festivalar midt i juli, når eg har bursdag. Er ikkje sikker, men det kan tenkjast at vi var på Fagernes det året.

Hårsveisen skifta hyppig frå Sigrid var 20 til 22 år. Foto: Privat

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Må kanskje vere då eg kom heim frå tropevarme i USA og landa på Bringeland i Førde til nysnø i mai..

Visste du kva du skulle bli i livet?

Nei. Ikkje i det heile! Men eg brukte mykje tid på musikk, som eg av ein eller annan grunn tenkte måtte forbli ein hobby. Eg kjende meg dregen mot journalistikk og vart veldig inspirert av radio-tida. Den varte eigentleg gjennom heile 90-talet for min del.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg trur eg berre flaut med. Eg var både spontan og litt lat kanskje. Når eg tenkjer tilbake så er det som om eg var veldig ubekymra på den tida. Alt kunne hende, eg var med på mykje, tok sjansar og greip i det som kom min veg.

Her er Sigrid Moldestad med bjellesau og krøller. Foto: Privat

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

At eg var modig og fri. At eg gjorde rett i å leve så tett til magekjensla som eg gjorde, og for så vidt fortsatt gjer. Den har styrt mange av valga mine i livet, og eg trur at det eg opplevde i desse tidlige tjueåra gav meg ei ekstra tru på at det var rett måte å gripe livet an på.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

At eg ikkje skulle brukt så uendelig mykje tid på gutar som egentlig ikkje ville vere med meg. Haha. Forøvrig skulle eg sagt til meg sjølv at eg skulle studert musikk tidlegare.

Les også om då Eldar Vågan (20) selde 100.000 plater med Vazelina Bilopphøggers:

– Den sosiale kretsen rundt meg sjølv fekk eg då eg var 20 år, seier Eldar Vågan i Vazelina Bilopphøggers. Foto: Jeblad, Wikimedia Commons