«BlimE»-dansen er kåra til årets mest populære YouTube video i Noreg.
mm

Ser deg handlar om å sjå kvarandre. Låten betyr veldig mykje for meg fordi eg meiner alle fortener å bli sett for den dei er og det dei kan bidra med, sa Victor Sotberg til NRK då låta vart lansert i august.

Google har kåra dei mest populære YouTube-videoane i Noreg basert på sjåartal, sjåartid og engasjement blant norske brukarar, ifølgje VG.

«BlimE»

På topp kjem NRK sin «BlimE»-dans, fronta av YouTubar og programleiar Victor Sotberg. Ser deg har nesten tre millionar avspelingar og har fått skuleelevar over heile landet til å danse.

Fungerende kommunikasjonssjef i Google Norge, Andrea Lewis Åkerman, synest det er fantastisk at den viktige bodskapen har fått så brei appell.

– Særlig i eit så spesielt år som 2020, der vi i lange periodar har måtta avgrense vår sosiale omgangskrets, så er det tydeleg at nordmenn har funne eit lyspunkt i dette herlege initiativet, sier ho i ei pressemelding.

Angelina Jordan i America’s Got Talent

På andreplass kjem stortalentet Angelina Jordan (14), sin opptreden på America’s Got Talent der ho song Goodbye Yellow Brick Road, som er sett over 7 millionar gongar. Ho kan også skilta med fjerdeplassen med si tolking av Bohemian Rhapsody i same konkurranse.

Erna-tabben som vart ein hit

På tredjeplass kjem Songar frå nyheitene sin Ooops (-app, app, app), som er laga av ein anonym mann på Sørvestlandet. I mars fortalde han til Framtida.no korleis hiten vart til:

– Ho gjer jo det motsette av det ho har sagt. Ho har stått i ein time og sagt at ein ikkje skal ta på kvarandre, så er dette det første ho gjer. Eg heldt på å dette av stolen og visste med ein gang at det der er ein låt, så henta eg meg ein kopp kaffi og byrja på låten, fortel han oppglødd.

Korona pregar også resten av liste med både koronainformasjon, og Twitter-legen Wasim Zahid sin reaksjon på Kari Jaquesson sine koronapåstandar.

Dei ti mest populære YouTube-videoane i Noreg 2020:

  1. BlimE – Ser deg – Victor Sotberg – BlimE-dansen 2020 – NRK Super
  2. Angelina Jordan Sings Elton John’s “Goodbye Yellow Brick Road” – America’s Got Talent: The Champions
  3. Erna Solberg – Ooops (app, app, app, app) [Korona Remix]
  4. Angelina Jordan – Bohemian Rhapsody – America’s Got Talent: The Champions One
  5. 60 Days Build Millionaire Underground Swimming Pool House
  6. Informasjon til barn og unge om det nye koronaviruset
  7. Doktors reaksjon på Kari Jaquessons video
  8. Anything You Can Fit In The Circle I’ll Pay For
  9. Building The Most Secret Underground House And Water Slide To Swimming Pool Underground
  10. Surprising Charli D’Amelio With 20 Custom iPhone 11s!!📱📞 TikTok & LilHuddy (Giveaway)

Humor frå Haugenstua

Populære musikkvideoar har fått si eiga lista og her må hitmaskina TIX sjå seg slått av komikar Herman Flesvig sin Haugenstua, frå populære Førstegangstjenesten på NRK.

Haugenstua er den tredje mest populære musikkvideoen i Noreg med over 1 million avspelingar.

TIX kan likevel trøyste seg med to topp ti plasseringar, for kven kjenner seg ikkje att i denne?

Her er dei mest populære musikkvideoane i Noreg i 2020:

  1. Future – Life Is Good (Official Music Video) ft. Drake 
  2. 6IX9INE- GOOBA (Official Music Video)
  3. Herman Flesvig – Haugenstua
  4. TIX – Kaller På Deg (Paradise Hotel)
  5. Victor Leksell – Svag (Lyrics)
  6. eMMa – Million (Official Music Video)
  7. Cardi B – WAP feat. Megan Thee Stallion [Official Music Video]
  8. Åge Sten Nilsen & Carina Dahl – Så Ekte Nå
  9. Eminem – Godzilla ft. Juice WRLD (Dir. by @_ColeBennett_)
  10. TIX – Karantene (Musikkvideo)

Helseminister Bent Høie (H) måtte avverge handhelsinga mellom statsminister Erna Solberg (H) og Camilla Stoltenberg.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
ANNONSE