Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets antologi heiter Troll i ord, og som vanleg er Überantologien ein super introduksjon til nye teikneserieskapar. Alle dei åtte teikneseriane i Troll i ord er nyskrivne og akkompagnerte av eit intervju med skaparen.

Nysgjerrigheita blir lett trigga, og mens eg las blei mobilen min flittig brukt til å leita fram meir av det dei ulike teikneserieskaparane har laga.

Troll i ord osar av skaparglede. Viss du er glad i teikneseriar, så er det mykje spennande å oppdaga. Visuelt så held alle teikneseriane eit toppnivå.

Eit stort sukk er at fleire av forteljingane i antologien ber preg av at dei ikkje passar formatet dei blir fortalde i. Det er ein ganske sur bismak.

Nokre av seriane er alt for lange, fleire unødvendige element burde vore kutta ut og forteljingane burde vore spissa endå meir. Det er fleire døme på seriar i Troll i ord hadde hatt godt av å bli redigert ned til ei side eller ei stripe.

Spennande, men knapt

Nokre av teikneseriane i Troll i ord er derimot mykje kortare enn det dei burde vore. Trollfuglen av Ørjan Aarvik er eit døme på det.

Frå Trollfuglen av Ørjan Aarvik.

Her møter me ein mann, ein slags omstreifar, som kjem til ein gard og blir spurd av bonden kva som har ført han til garden. Mannen svarar at han er på jakt etter trollfuglen, eit slags magisk vesen. Bonden avskriv trollfuglen som ein myte, det er ikkje noko vits å leita etter han. Dottera på garden derimot meiner at trollfuglen finst og påstår at ho har sett han.

Mannen bestemmer seg for å fortsetja jakta på trollfuglen. Det utviklar seg til å bli ei temmeleg spennande historie.

Aarvik har laga eit godt og interessant plott. Teikningane er utvilsamt gode. Her burde eigentleg alt liggja til rette for ei særs god lesaroppleving.

Dessverre er Trollfuglen alt for kort, handlinga er komprimert og figurane i serien får aldri den tida dei treng til å utvikla seg.

Når mannen blir spurd om kvifor han ønskjer å finna trollfugen svarar han: «Menneske har alltid eksistert side om side med små trollskapningar, men frykta og ungått gigantane. Før dei døyr heilt ut, vil eg jakta og drepa éin av dei.»

Er verkeleg ikkje motivasjonen hans djupare enn det? Finst det inga bakgrunnshistorie? Det er trist å tenkja kor bra Trollfuglen kunne ha blitt om Aarvik hadde hatt litt fleire sider å fortelja og teikna på. Det er rett og slett berre trist at det korte formatet i antologiane frå Überpress ikkje tillét det.

– Utruleg

Idealismen og pågangsmotet kan ikkje rosast nok. Redaktørane hjå Überpress skal for all del ha kudos for å tora å satsa på nye talent, men i framtida håpar eg at dei vil gi teikneserieskaparane endå meir fridom til å laga det dei sjølv vil.

I framtidige antologiar ønskjer eg å sjå ein endå større variasjon blant bidraga. Eg ønskjer å sjå både teikneseriestripar og vitseteikningar, samt at nokre av teikneserieskaparane får meir rom til å boltra seg på.

Heldigvis er det og nokre av teikneserieskaparane som treffer spikaren på hovudet og leverer teikneseriar som passar perfekt til antologiformatet.

Frå Flyktig av Oliver Levang.

Det er særleg eitt bidrag eg likte spesielt godt og har lyst til å trekkja fram.

Flyktig av Oliver Levang er akkurat slik ein god teikneserie skal vera. Forteljinga er fylt av spennande element frå fantasy og science-fiction. I Flyktig opplever eg òg å forstå kva som driv hovudpersonen og eg føler med han. Å få til alt dette i eit trongt format er ganske utruleg.

Det er ein del av naturen til ein antologi at innhaldet er ujamt, sånn er det òg i Troll i ord. Noko er bra, noko er dårleg, og det meste er middelmåtig. Men så lenge du har ein viss interesse for teikneseriar så kjem du heilt sikkert til å finna noko du likar. Det er berre å gyva laus!


Forfattar Zeshan Shakar las knapt ei einaste bok frivillig som tenåring, men vart tvinga til å lese Beatles av Lars Saabye Christensen: – Den blei ei av dei aller største lesaropplevingane eg har hatt

Zeshan Shakar gjorde braksuksess med debuten «Tante Ulrikkes vei» (2017), som har vorte sett opp på teater og no skal filmatiserast. Her er han plassert framfor omslaget til andreboka «Gul bok». Foto: Julie Pike, Gyldendal

Troll i ord

  • Redaktørar: Regine T. Holst og Arild Torvund Olsen
  • Forlag: Überpress
  • Utgitt: Haust 2020
  • Sjanger: Teikneserie