Helsesista får Dialektprisen 2019: – Dette er den kulaste prisen på lang tid

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart heilt overraska og glad inni meg! Det handlar ikkje om å vere flink, dette er ein pris for å vere seg sjølv i måten ein snakkar på. Det er så fint å verte sett for det også, seier Tale Maria Krohn Engvik på telefon til Framtida.no.

Fredag vart det klart at heile Noreg si Helsesista får Dialektprisen 2019 for å vere eit godt dialektføredøme for ungdom, og for å syne fram dialekta si til ungdom på sosiale medium.

– Dette er den kulaste prisen på lang tid. Vi har utruleg fine dialekter rundt om i landet, og så mange morosame ord. Ein skal vere stolt over dialekta si, den viser jo kven ein er! fortel ålesundaren.

Tale Maria Krohn Engvik har tusenvis av unge følgjarar på Snapchat, men har vorte eit kjent fjes også utanfor sosiale medium. I vår var ho aktuell med TV2-serien Helsesista og i haust kom boka hennar #vågåvære. Der held ho fram samtalane ho startar med ungdom på Snapchat, og snakkar opent om kropp, kjærleik, sex og psykisk helse.

Ålesundsdialekta når like langt som oslomål

Dialektprisen har vorte delt ut av Norsk Målungdom kvar haust sidan 2001. Prisen går til offentlege personar, som gjennom stødig og sjølvsikker dialektbruk framstår som gode språklege føredøme for ungdom.

Gunnhild Skjold (23) frå Tromsø er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/NMU

Helsesista når ut til tusenvis av ungdom kvar einaste dag, og ho er opptatt av å bruke eit språk som ungdom forstår. At dette språket er hennar eiga ålesundsdialekt, er viktig for å tydeleggjere at ein ikkje treng å bruke oslodialekt for å nå ut over heile landet, seier leiar i Norsk Målungdom Gunnhild Skjold.

Målungdomsleiaren rosar Helsesista for å bruke dialekta si som den største sjølvfølgje, og såleis gjere det lettare for unge å gjere det same.

Sjølv fortel Engvik at ho aldri har gjort eit bevisst val om å bruke ålesundsdialekta si, eller tenkt på at ho skal prate verken «sånn eller slik».

– Eg berre snakkar som eg snakkar – det som er naturleg for meg, seier Engvik og forklarar at ho er veldig oppteken av å vere seg sjølv, og at ungdommane skal kjenne att både ho og orda hennar.

– Om det kan inspirere andre er det veldig fint!

Har du plutseleg gløymt korleis ålesundsdialekta høyrest ut? Frykt ei! Høyr Helsesista prate med han ho var betatt av, men aldri klarte sjarmere, som 17-åring: 

Ein del av identiteten

Samstundes trur Tale Maria Krohn Engvik det er veldig viktig at ungdom ser at det er rom for mange ulike dialekter. No i vaksen alder leikar ho seg meir med dialektar enn då ho vaks opp i Ålesund:

– Når vi leika, så leika vi på bokmål, for det var det vi såg på Barne-TV.

No er ikkje linær-TV lenger den einaste formen for underhaldning. Det finst eit hopetal sosiale medium, YouTube-profilar frå aust til vest, og endelause kanalar på internett.

Det trur Helsesista er positivt:

– Vi ser ulike menneske som har forskjellige dialektar. Det er ikkje sikkert unge tenkjer så mykje over det, men det er ein del av identiteten vår, og det er fint å høyre ulike dialektar.

Leif Einar «Lothepus» Lothe (49) har nytta dialekt og nynorsk konsekvent sidan sjåarane vart kjent med han gjennom realityserien «Fjorden Cowboys» i 2014. Pressefoto: Stian Servoss

Tidlegare vinnarar

  • 2018: Lothepus, TV-kjendis
  • 2017: Silje Nordnes, Markus Neby og Ronny Brede Aase for P3morgen
  • 2016: Josefine Frida Pettersen, skodespelar
  • 2015: Daniel Kvammen, artist
  • 2014: NRK og TV2 sitt VM-studio under fotball-VM 2014
  • 2013: Tønes, artist
  • 2012: Harald Rønneberg, programleiar
  • 2011: Therese Johaug, skiløpar
  • 2010: Lars Vaular, artist
  • 2009: Eli Kari Gjengedal, vêrmeldar
  • 2008: Linda Eide, morokvinne på fjernsyn
  • 2007: Ingrid Bolsø Berdal, skodespelar
  • 2006: Hopalong Knut, rockgruppe
  • 2005: Are og Odin, moromenn på radio
  • 2004: Ravi, artist
  • 2003: Filmen United v/Magnus Martens, regissør
  • 2001: Tungtvann, hiphopgruppe

Kjelde: Norsk Målungdom