Fleire gir vekk noko brukt til jul
Nordmenn sine haldningar til brukte julegåver har endra seg dei siste åra. Ein av fire nordmenn over 18 har gitt bort brukte julegåver.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser tal frå ei undersøking utført av Norstat for Finn.
– Det er svært hyggeleg å sjå at folk i heile landet blir meir og meir bevisste på gjenbruk og brukar Finn som ein bruktbutikk, seier produktdirektør på Finn toget, Kathrine Opshaug Bakke i ei pressemelding.
Ifølgje Finn blir fleire og fleire positive til å både gi og få brukte julegåver over tid.
Generasjonsskifte
Tala for i år viser at 29 prosent er positive til å gi brukte julegåver og 42 prosent er positive til å få, noko som er ein oppgang frå i fjor.
Halvparten av dei mellom 18 og 49 er positive til å få brukte julegåver i år.
Det kan tyde på eit generasjonsskifte der unge og småbarnsfamiliar er meir bevisste på både økonomi- og miljøaspektet ved å kjøpe brukt, meiner Finn.
– 2020 har vore eit annleis år, og mange har fått auga opp for korleis vi brukar tida og ressursane våre. Vi kjem til å sjå smartare forbruk der det å kjøpe og gi bort brukt blir sett på som eit reelt alternativ til å kjøpe nytt, seier Bakke.
- Les også: 10 bøker å ønskja seg til jol