Dette er historia bak juletreet i New York
Kvart år sidan 1933 har det blitt sett opp eit enormt juletre på plassen framfor skyskraparen Rockefeller Center i New York. No er årets tre på plass.
Denne saka vart først publisert av Framtida Junior.
Du har kanskje sett det store, lysande juletreet framfor Rockefeller Center på film? Eller kanskje du til og med har sett det i verkelegheita?
Uansett har dette juletreet blitt ein viktig del av eit julepynta New York – og det har det vore i snart 100 år.
Det heile starta i 1931, då det var tøffe tider i USA. Denne perioden blir kalla the Great Depression på engelsk og den store depresjonen på norsk.
Dette var ei vanskeleg tid fordi veldig mange hadde veldig dårleg råd. Likevel bestemte nokre arbeidarar i New York seg for å samle inn pengar til å kjøpe eit juletre saman.

Bygningsarbeidarar står i kø for å få betalt ved sida av det første juletreet på Rockefeller Center i New York i 1931. Foto: AP Photo via NTB
Dei fekk kjøpt eit seks meter høgt juletre som dei sette på arbeidsplassen der dei jobba. Og det dei jobba med, var å byggje Rockefeller Center.
Treet dekorerte dei med heimelaga pynt.

Slik såg juletreet ved Rockefeller Center ut i 2023: 25 meter høgt og dekorert med 50 000 ledlys. Foto: Praneeth Thalla, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
To år seinare bestemte Rockefeller Center seg for å gjere juletreet til ein årleg tradisjon. Treet som blei sett opp då, var 15 meter høgt og dekorert med rundt 700 lys.
Sidan 1933 har treet blitt reist kvart einaste år som eit symbol på håp, samhald og optimisme. Det var einast under 2. verdskrig at treet ikkje blei tent på vanleg måte, då det var reglar for kva lys som kunne stå på.
Treet som blir brukt, er vanlegvis mellom 20 og 30 meter høgt og av tretypen norsk gran.

Arbeidarar får eit 11 tonn tungt juletre på plass framfor Rockefeller Center i New York. Foto: AP Photo / Angelina Katsanis






