Unge i Norge sextar meir enn gjennomsnittet i Europa
Halvparten av norske 15–17-åringar har sendt nakenbilete eller anna seksuelt innhald det siste året.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den siste veka har det kome to nye rapportar som viser unge sine mobilvanar, både i Noreg og i Europa. Det skriv Aftenposten.
19 europeiske land er samla i rapporten EU Kids Online 2020, der dei ser på nettvanane til dei mellom 9-16 år.
Når ein samanliknar tala kjem det mellom anna fram at norske ungdomar brukar mobilen mest av alle. Gjennomsnittet for barn mellom 11-16 år i Noreg er 3,6 timar kvar dag.
Halvparten har sexta

Også på sexting og deling av seksuelt innhald ligg norske ungdomar i europatoppen.
Halvparten av 15–17-åringer har sexta nakenbilete eller anna seksuelt innhald det siste året, kjem det fram i rapporten Norske barn og ungdommers erfaringer med seksuelle meldinger, ifølgje Aftenposten.
Delen ungdommer som sextar mellom 11–17 år, har aukt med 12 prosentpoeng sidan 2010.
Omlag 25 % er blitt opprørte av å motta seksuelle meldingar – dei fleste av dei jenter.
Oftast i kontakt med framande

Når det kjem til å fortelje til foreldra om dei opplever noko negativt på nettet, ligg norske ungdomar under snittet i Europa. Berre 33% norske gjer dette, medan europasnittet er på 40%.
Det kjem også fram at norske born er dei som oftast kjem i kontakt med framande på internett, samanlikna med andre unge i Europa.
Les også: Nudes-skapar etterlyser lovverk tilpassa deling av nakenbilete