Unio: Frå i dag arbeider kvinner gratis ut året

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 16. november er utpeika som likelønnsdagen av norske fagorganisasjonar.

Yrkesforbunda Unio, LO og YS har rekna ut at frå denne dagen arbeider norske kvinner, og menn i kvinnedominerte yrke, gratis ut året dersom dei samanliknar seg med kva gjennomsnittleg lønn er blant norske menn.

Lønsgap og kvinnedominerte yrke

Framleis er det slik at den gjennomsnittlege månadslønna til kvinner er 87,6 prosent av menns, viser tal frå SSB. Sjølv med like lang utdanning er lønnsgapet der.

Forskjellane er mindre mellom menn og kvinner ved lågare alder, men aukar jo eldre aldersgrupper ein samanliknar.

Kvinnedominerte yrke har i større grad vore prega av lågare lønningar.

Ragnhild Lied er leiar i Unio. Foto: Unio

– Det er ei stor samfunnsutfordring at yrke som hovudsakleg blir utført av kvinner, blir verdsett lågare enn arbeid som hovudsakleg blir utført av menn. Dette skjer sjølv om krava til utdanning, kompetanse og ansvar er samanliknbare, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Ho peikar på at medan menn i stor grad får jobb i det private, går kvinner til det offentlege, til yrke der ein har store utfordringar med rekruttering, men som samtidig er viktige for samfunnet.

– Det nyttar ikkje med applaus i lengda, skal vi klare å rekruttere fleire sjukepleiarar og lærarar, må lønna opp, seier Lied.

Kashish Kaur Sekhon (18) meiner ordbøkene påverkar oss ubevisst. Foto: Plan International Norge og skjermdump frå kampanjen.