«I all usikkerheit finst det håp»

Rebekka Kvalevaag Hagen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no, Falturiltu og Magasinett i konkurranse med over 200 andre ungdommar over heile landet, og får heiderleg omtale frå juryen.

Eg ønsker å fortelje om ein ekte superhelt som har gitt meg håp i det usikre. Dette er ikkje ein heilt vanleg superhelt. Han hadde ikkje raud lang kappe, for den var bytta med ein legefrakk. Han beskytta ikkje ein stor by, men eit stort sjukehus. Likevel er dette min superhelt og min pappa.

Pappa døydde tidleg i år, men håpet hans om å redde liv lever vidare i hjartet mitt.

Pappa var lege og jobba med for tidleg fødde barn. Dette er eit krevjande yrke der håp om å overleve står sentralt. På ei intensivavdeling vil det vere mange svært alvorleg sjuke barn. Barn som gjerne ikkje vil kunne snakke, gå eller ete sjølv. Barn som med ein gong dei er fødde, treng hjelp til å puste. I denne jobben møtte pappa svært mange fortvila og foreldre som vart håplause.

Nokre månader etter min pappas bortgang fekk vi ein blomsterbukett saman med eit kort av eit foreldrepar. Barnet deira hadde vore alvorleg sjuk, og pappa hadde vore legen til dette barnet. Då pappa fortalde dei om den endå meir usikre tilstanden til ungen deira, sa han også «i den usikkerheita finst det håp». I dette kortet fortalte dei at orda frå min pappa hadde gitt dei håp i mørkare dagar.

Dei orda gir også meg nytt håp for ein forandra og annleis framtid.

Å hugse på at ein aldri er åleine tenner eit håp inni meg.

Livet blir nok aldri slikt eg hadde sett for meg.

Utan pappa blir vegen lengre og skumlare, men sjølv om eg til tider kan føle meg einsam veit eg at eg har mange gode folk som går saman med meg.

Å hugse på at ein aldri er åleine tenner eit håp inni meg. Eg trur vi alle har eit lys inni oss og verdiar som kan tenne lys for andre. Bruk dei verdiane til å skape håp. Gløymte eg kanskje å seie at ved å tenne lys for andre kan du tenne ditt eige?

Framtida mi er prega i aller største grad av dette året. Eg har utvikla meg og vakse mykje. Eg har sett kor viktig det er å ha håp, men ikkje minst kor viktig det er å skape håp for andre.

Ved å sjå kvarandre med meir enn berre auge kan vi skape eit samfunn der håp er nært. Der håp er noko vi ser og har kjensler til. Der håp kjem frå engasjerte ungdommar, gode naboar, ein lærar som ser og eit smil på gata.

I år har vi alle fått eit større bilete på kva eit samfunn er bygd opp av. Eit samfunn er ikkje berre arbeidsplassar, skular og møteplassar, men menneske. Vi må gi kvarandre håp når kvardagen er usikker, for i all usikkerheit finst det håp og det må vi ta vare på!


Illustrasjonsfoto: Lina Trochez/Unsplash. Innfelt: Fatemeh Adili/Privat.