«Heilt sida eg var lita har eg vore redd for faren min»

Sophie (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten kom på andreplass i skrivekonkurransen til Framtida.no, Falturiltu og Magasinett i konkurranse med over 200 andre ungdommar over heile landet.
Sophie er eit alias. Framtida.no kjenner identiteten til forfattaren av innlegget.

Heilt sida eg var lita har eg vore redd for faren min. For meg har det alltid vore vanskeleg å setje fingeren på kvifor eg har vore redd han. Han har aldri slått meg, og han kan få meg til å le, men han har eit raseri som han kan slå på i løpet av sekundar. Utan noko forvarsel så kan han kjefte, rope og kaste ting rundt omkring. Men enno har han aldri skada meg fysisk, og nokon gonger lurer eg på om det berre er eg som er svak?

Er det eg som er for pysete til å sjå min eigen far sinna?

Ein dag fekk eg svaret på det.

Eg, pappa og dei to søskena mine var på ei ferje, ein stor båt som drog til Danmark. Båten hadde innandørs basseng, underhaldning, restaurantar, butikkar, og best av alt taxfree-godteri. Eg og søskena mine hadde eit håp om at denne turen ville bli fin. Akkurat som alle andre gonger vi var på tur, håpte vi at på denne turen skulle alle vere glade. Vi skulle le, tøyse og kose oss.

Men alt det gjekk i dass den eine morgonen.

Vi vakna alle opp på lugaren vi delte, vi gjorde oss klare og veslebroren min var sjølvsagt ferdig først. Han satt på senga, han var utolmodig og vifta rundt med regnjakka si. Plutseleg treffer jakka hans storesøstera mi, ho fekk visst glidelåsen slått inn i armen hennar. Dette gjorde sjølvsagd vondt, og ho reagerte som alle andre barn ville gjort.

Lite visste ho at etterpå ville ho angre på reaksjonen sin

«Au! kan du slutte med det der?» sa ho høgt, høgt nok til at faren vår som var på badet høyrde det. Lite visste ho at etterpå ville ho angre på reaksjonen sin.

På eit lite sekund var sinnet skrudd på, badedøra blei slått opp, han såg seg sint rundt før auga hans landa på lillebroren min. Eg kunne sjå frykta i auga hans, for vi skjønte alle kva som ville skje no.

Det var nok der og da eg mista håpet om at eg hadde ein god far, da eg mista håpet om at han nokon gang kom til å elske oss som mor mi gjorde. Der eg stod og såg ein vaksen mann slå sin vesle gut som er halvparten av sin eigen storleik. Da mista eg håpet om at det var gode menneske i denne verda.

Vi skjønte alle kva som ville skje no

Alt blei mørkt for meg, og da skjønte eg kva eg hadde vore redd for i alle dei åra. For no var eg ikkje redd lenger, eg var tom.

Eg hadde aldri vore redd han skulle slå eller fysisk skade meg. Eg var redd han skulle ta bort håpet mitt, ta bort lyset inni meg. Eg var redd han skulle skuffe meg igjen og igjen heilt til eg aldri ville stole på nokon igjen. Eg var redd han skulle skade håpet inni meg, håpet om at menneska var gode. Den dagen klarte han det, eg hadde mista alt håp og alt var berre svart.

Det tok meg mange år, men ved terapi og ved å jobbe med meg sjølv, så klarte eg å få ein liten del av det lyset eg pleidde å ha i meg. Eg kvitta meg med alt det mørke i livet mitt, inkludert far min, og eg stod igjen med håp.

Og gjennom alt dette så veit eg ein ting:

Eg vil heller leve med håp og frykt for å bli motbevist, enn mørke og å føle meg nomen.


Les også vinnarinnlegget i skrivekonkurransen av Fatemeh (16): «Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjartet, og aldri kryssa fingrane så hardt»

Illustrasjonsfoto: Lina Trochez/Unsplash. Innfelt: Fatemeh Adili/Privat.