Politikk og samfunn

«Folk blir ikkje betre integrerte av å bli fattigare»

Minoritetsungdommar kjempar for å få seg ein jobb, men møter eit arbeidsliv som ikkje ønsker dei, skriv RU-leiar Halvor Bergkvist.

Halvor Bergkvist (22)
Leiar av Raud Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi må ta opp at innvandrarar blir diskriminerte i arbeidslivet.

Regjeringa har nyleg føreslått å fjerne sosialhjelp for flyktningar for å få fleire i jobb, men folk blir ikkje betre integrerte av å bli fattigare.

Det er eit problem viss folk ikkje har jobb, men regjeringa tar ikkje opp kva som er årsaka til problemet. Dei tar ikkje høgde for systematisk rasisme.

Grov diskriminering

Dei aller fleste vil jobbe, men mange møter på utfordringar på grunn av utanlandske namn.

Eit eksempel på dette er Kevin, som etter å ha bytta etternamn frå Marianayagam til Rydland opplevde ein betydeleg auke i jobbtilbod.

Dei med utanlandske namn vert grovt diskriminerte i arbeidslivet. Viss dei skiftar til eit norsk namn, blir dei kalla inn til intervju og tilsette. Dette gjeld spesielt dei frå Afrika, Midtøsten og Sør-Asia.

Minoritetsungdommar kjempar for å få seg ein jobb, men møter eit arbeidsliv som ikkje ønsker dei.

Ingen moralsk peikefinger

I dag er det omtrent 160 000 menneske som anten jobbar ufrivillig deltid eller ikkje får jobb trass i at dei søker.

Mange slit med å komme seg inn i arbeidslivet, og dette er eit problem vi må løyse. Problemet oppstår når ein ikkje tar omsyn til systematisk rasisme. Då kan ein ende opp med feiloppfattinga av at innvandrarar ikkje ønsker å jobbe. Det stemmer ikkje.

Problemet er rasisme og diskriminering i arbeidslivet.

No trengst det tiltak, ikkje ein moralsk peikefinger til dei som fell utanfor.