– I modellbransjen er eg eit lyspunkt i eit dystert mørkre av brasilianske 19-åringar som ikkje bryr seg, seier Enok Groven. «Anno»-deltakaren jobbar for ein meir berekraftig motebransje.

mm

– Eg e´ jo modell.

Mannen som reiser seg har lengre hår og blåare blikk enn alle dei andre i rommet.

Det er Enok Groven, mest kjent frå første sesong av den historiske NRK-realityserien «Anno».

Bergensaren har reist med fly via oppdrag i Mongolia og Istanbul til klimaforhandlingane i Paris som representant for initiativet Fashion Against Climate Change (FACC), som han sjølv starta i 2011.

Han skal vere i den franske motehovudstaden i nokre veker. Håpet er å skaffa gode kontaktar, som kan vere med og jobba for saka.

LES OGSÅ: Heller selje sex enn å jobbe i klesindustrien

Menneskeleg inspirasjon
Me er i eit klasserom i Montreuil utfor Paris. Rundt 31-åringen sit ein representant for sivilsamfunnet i Noregs delegasjon under klimaforhandlingane og ein haug med klimaaktivistar frå besteeforeldregenerasjonen.

Rommet er dørgande stille når Enok les opp dei to A5-arka han har førebudd.

– Uansett kva politikarane driv med, så er det mykje me sjølv kan gjera. Me kan vere ærlege og spørja oss sjølv om forbruket vårt. Og me kan spørja venene våre. Me må ikkje undervurdera den inspirasjonskrafta me menneske har, seier Enok med patos.

Sjølv har han ei venninne i New York, som berre har produsert så lite søppel dei siste tre åra at ho kan putta alt saman i eit syltetøyglas. Lauren Singer deler sine erfaringar med det som har vert omtala som «zero waste»-livsstil på bloggen Trash is for tossers

Ei anna venninne, Anita Hui, sit i rommet og høyrer på. Ho arbeider i desse dagar mot lansering av ein emballasjefri butikk i Bergen. 

LES OGSÅ: Du er ein kvardagshelt

Dette er absolutt i Enok si ånd. Han har nemleg slutta med plastflasker og insisterer på å drikka av glas eller rett frå krana. Har dei berre plastglas på flyet – let han heller væra å drikka.

– Me må stilla krav til oss sjølv og vera villige til å ofra noko, seier Enok.

Han veit at fly slepp ut mykje CO2, men meiner at det han kan oppnå gjennom statusen og arbeidet han gjer, veg opp for desse utsleppa.

Etter innlegget er ferdig er det fleire som vil snakka meir med Enok, som ikkje er vanskeleg å be.

– Eg kan berre snakka og snakka, så du må berre stoppa meg.

LES OGSÅ: Motebloggaren som slutta å shoppe

Saka held fram under biletet.

Enok Groven fekk spontan applaus av klimaaktivistar i Paris etter innlegget om kva makt inspirerande enkelttiltak- og personar kan ha. 

Undertrøye frå «Anno»
Ute i gangen er det bekmørkt. Ein lang dag i Paris går mot slutten, og lysa på skulen er sløkte.

Det bryr ikkje Enok, som kan snakka om engasjementet sitt i timevis.

Enok har òg kutta kraftig i kjøtt- og fiskeforbruket sitt etter eit inspirerande møte med Sea Sheperd-grunnleggjar Paul Watson i februar. Siste nytt er at han berre et eitt måltid til dagen, men det er av helsemessige årsakar.

Han er oppteken av dyrevelferd, motstandar av genmodifisert mat, har klokketru på at fairtrade kan fjerna verdas fattigdom og vil ha meir økologisk produksjon i industrien han sjølv er ein del av.

– Få veit at motebransjen er verdas nest mest forureinande bransje, forklarar Enok, som har forståing for at det kan verka dobbeltmoralsk å vera naturvernar på innsida av bransjen.

Ifølgje ein rapport frå Danish Fashion Industry er det berre oljeindustrien som forureinar meir enn klesindustrien. Ein fjeredel av alle kjemikaliar som vert produsert skal nyttast til tekstilproduksjon. Industrien er òg storforbrukar og forureinar av vatn. For å laga eit par jeans treng ein ikkje mindre enn 11.000 liter vatn, ifølgje britiske WWF.

Enok vil mobilisera grasrota og oppmodar folk til å byrja med eige forbruk. Sjølv har han slutta å kjøpe nye klede for lenge sida, men her skal seiast at han får nokre frynsegoder frå arbeidet.

Den godt brukte, holete buksa og beltet har han fått i samband med modelljobbar.

Fingervantane er kjøpt brukt.

Strikkegenseren har han fått frå sin eigen vintage-butikk, som han i ein periode dreiv i heimbyen.

Den slitte hua er plukka opp frå gata i Bergen og dei slitte militærstøvlane er autentiske.

Som om ikkje dette er nok trekk han fram det siste esset i ermet. Under strikkegenseren har han ulltrøya frå «Anno» – med både hol og målingsflekkar.

LES OGSÅ: Designa klede av lakseskinn 

Lyset
Me går ut av skulebygningen og inn i den mørke desemberkvelden.  

– I modellbransjen er eg eit lyspunkt i eit dystert mørkre av brasilianske 19-åringar som ikkje bryr seg. Dei gjer kva som helst for å verte kjent. Det er ikkje det, eg likar å vise meg fram eg òg. Det trur eg alle gjer, held Enok fram.

Då han starta fekk han inntrykk av at få stilte krav til etisk produksjon og berekraft. Difor har 31-åringen kome fram til at han vil ta ansvar og nytta kjendisstatusen til å verte ein rollemodell.

– Eg vil ikkje berre redusere forbruket mitt, eg vil gjere verda til ein betre stad. Når eg seier at eg er «den økologiske modellen»,så kan det inspirera andre som vert stilt i eit dårlegare lys. Gjennom min posisjon har eg høve til å bidra til ei positiv endring. Når ein stiller opp på framsida av magasin og reklamerer for klede har ein ansvar for å gjere det på riktig måte. At me kjem til å slutta å produsera ting er ein illusjon, eg trur ikkje på ei verd basert berre på tenester. Det eg ynskjer meg er ei moteverd der modellar, designarar, stylistar og magasina i motebransjen stiller krav.

Enok har ikkje nokre bestemte krav, men vurderer oppdraga ut i frå oppdragsgjevaren. Han kan stilla strengare krav til Berghaus enn til dømes Hugo Boss.

Og sitt største modelloppdrag til dags dato fekk han nettopp fordi han var naturvernar. I ein reklamekampanje for Replay sine miljøvenlege jeans kan ein sjå bilete av ein rocka Enok med «environmentalist» skrive rett på bringa.

Han er klar over at det kan vere grønvasking, men trur likevel det bidreg til positiv endring.

LES OGSÅ: Klede er aldri boss

Saka held fram under biletet.

Naturvernaren Enok kan prata i timevis om sitt engasjement   

Fotogen
– Tek du eit bilete til?

Enok rettar på håret og lua. Som modell veit han korleis han skal te seg framfor kamera.

Me er kome ned i undergrunnen, med franskmenn på alle kantar.

Den økologiske modellen er full av planar, som å laga ein nettportal kalla Organic Fashion Charter, der andre i bransjen kan dela sine prosjekt.

Og ideane berre held fram med å koma:

– Folk likar jo å spare pengar, men kva om ein fekk folk til å lika å spara klimaet? Det kan verte ein konkurranse der det er om å gjera å spara mest mogleg karbon.

LES OGSÅ: Hareide vil gjera det lettare å handla etiske klede

Hey, Leonardo!
På dette tidspunktet jobbar verdas miljøministrar framleis på spreng for å få på plass ein klimaavtale, som skal hindra katastrofale klimaendringar.

Klimaaktivistar frå heile verda har trekt til Paris. Og det er ein person Enok veldig gjerne skulle møtt for å få til eit samarbeid han meiner vil vera fruktbart for dei begge.

– Eg skulle eigentleg hatt nokre t-skjorter med FACC på, slik at eg kan ta ho fram om eg treff Leonardo DiCaprio. Då må eg ta eit bilete, men eg har ikkje mobil, så eg må få han til å ta biletet og senda til meg, ler Enok.

Han legg ikkje skjul på at han har store planar og trua på seg sjølv. Å møta Leonardo skal han få til. Og opningsreplikken har han allereie klar.

Det er berre å seie: «Hey, Leonardo! I love your environmental activism.»

 Sjå Enok i Replay sin reklamefilm her:

Replay – Eco Warriors for L.I.F.E. from 180 Amsterdam on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE