Færre ungdommar røykjer, men fleire har prøvd hasj

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1999 sa 24 prosent av norske 10.-klassingar at dei røykte dagleg. I 2019 var dette redusert til 2 prosent, viser nye tal frå skuleundersøkinga ESPAD, skriv Folkehelseinstituttet (FHI).

– Røyking er den enkeltfaktoren som har sterkast negativ innverknad på folkehelsa, og det er gledeleg at Noreg framleis ligg lågast i Europa når det gjeld daglegrøyking blant ungdom, seier seniorforskar Elin Bye ved FHI.

Berre Island har færre daglegrøykjande ungdommar enn Noreg.

Noreg ligg lågt på gjennomsnittet

Rapporten viser utviklinga i bruk av rusmiddel og tobakk blant 15-16-åringar i 35 europeiske land i perioden 1995–2019.

Norske ungdommar ligg gjennomgåande lågt både når det gjeld røyking, bruk av alkohol og bruk av andre rusmiddel.

Færre snusar og drikk alkohol

Delen av ungdom som brukar snus dagleg er redusert frå 7–8 prosent til 4 prosent i perioden 2007-2019, medan 16 prosent opplyser at dei har drukke 5 alkoholeiningar eller meir ved same drikkesituasjon dei siste 30 dagane. Det er ein nedgang frå 55 prosent i 1999.

Fleire har prøvd cannabis

Delen som har prøvd cannabis er derimot aukande. Frå 2007 til 2015 svarte i gjennomsnitt cirka 6 prosent av ungdommane at dei hadde prøvd cannabis. I 2019 svarte nesten 9 prosent det same.