Norske studentar i Norden kan ta karantenetida heime

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det opplyser regjeringa onsdag.

Utanlandsstudentar som før studiane var busette i Noreg, vil ofte framleis vere folkeregistrert i Noreg i studietida. Dei blir då òg sett på som «busett i Noreg» etter covid-19-forskrifta.

Ikkje karantenehotell

Regjeringa presiserer no at også studentar i andre nordiske land skal sjåast på som busette i Noreg etter karantenereglane – sjølv om dei har registrert flytting frå Noreg til studielandet og mista folkeregistreringa i Noreg.

Dei treng derfor ikkje opphalde seg på karantenehotell, men kan gjennomføre karantene på annan eigna karantenestad.

Karanteneplikta gjeld framleis

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Kunnskapsdepartementet

– Karantenereglane skal ikkje slå ulikt ut for norske studentar i og utanfor dei nordiske landa på grunn av dei spesielle reglane for Norden om kvar du skal vere folkeregistrert. No presiserer vi at også norske studentar i Norden som vil komme heim til jul, kan gjennomføre karantenen sin heime, ikkje på karantenehotell, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Karanteneplikta gjeld framleis og nærkontaktar må unngåast, opplyser regjeringa.

Om du har vore nær fleire personar skal du halda 2 meter avstand til personar i risikogruppene. Illustrasjon: United Nations COVID-19 Response