Politiet gir løyve til pride-markering i Budapest: – Kan endeleg puste litt lettare
I fjor vart pride-arrangement forbodne i Ungarn. I år håpar Pride Budapest å vise fram at det er mogleg med endring.
– Vi var ikkje sikre på om det kom til å skje, sidan endringa av forsamlingsretten ikkje var oppheva enno.
Det skriv Ede Balogh, talsperson for Budapest Pride, i ein e-post til Framtida. Førre veke fekk dei beskjed om at politiet gir løyve til at pride-toget kan gå gjennom Budapest sine gater.
Det er ei heilomvending frå i fjor, då den ungarske nasjonalforsamlinga vedtok ei lov som gjorde det ulovleg med pride-arrangement, støtta av dåverande statsminister Viktor Orbán. Lova opna også for at styresmaktene kunne bruke programvare for ansiktsgjenkjenning for å identifisere dei som braut forbodet.
Ei ny nasjonalforsamling vart vald i april, og Fidesz, partiet til Orbán, mista makta til partiet Tisza, leia av Péter Magyar. Ein del av lovene innført av Fidesz som var retta mot LHBT-personar gjeld framleis.
– Vi er likevel glade for at politiet valde rett og godtok toget, skriv Balogh.
● Les også: Ungarn forbyr pride-arrangement
Letta over ei ny regjering
Organisasjonen ventar at det blir endå fleire demonstrantar under pride-markeringa enn tidlegare år. I fjor handla markeringa om å stå opp mot Orbán sitt regime, og solidaritet med LHBT-miljøet.
– I år trur vi drivkrafta blir den letta folk føler over at vi har stemt ut den tidlegare regjeringa og endeleg kan puste litt lettare. Vi håpar også at dei som gjekk med oss for første gong i fjor, kjem tilbake i år.
Belogh fortel at det er fleire kampsaker som er viktige for skeive folk i Ungarn no, og nemner i fleng:
– Dei same rettane for alle, å oppheve endringane i forsamlingsretten, å oppheve lova som forbyr transpersonar frå å offisielt endre namn og kjønn, å tillate likekjønna ekteskap. Det er mange saker å velje mellom, og kvar person har forskjellige prioriteringar.
Historisk moglegheit for landet
Håpet er at dei mange kampsakene skal bli litt færre med den nye regjeringa og Péter Magyar som statsminister, sjølv om dei ikkje har fått open støtte frå partiet.
– Vi har berre nokre vage hint frå Péter Magyar og nokre ministrar, men ingenting konkret, fortel Baghar.
I tillegg til å fjerne lovene Fidesz innførte, vil organisasjonen at alle innbyggjarar i Ungarn kan bli meir likestilte.
– Dette er ei historisk moglegheit til å gjere dette landet betre for alle minoritetar, og vi ser fram til å sjå desse endringane snart, oppmodar Balogh til dei nye styresmaktene.







