Det blir ei annleis halloween-feiring i år, men me hjelper deg med tips til korleis du likevel kan feira – med godt koronasamvit.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Virtuelle escape rooms
Escape rooms er alltid ein slagar, og no finst det mange virtuelle variantar!
Inviter venene dine på Halloween-basert escape room-kveld. Ein kan mellom anna prøve ut Hogwarts-versjonen, eller kanskje sjå kven som vinn the Hunger games?

Spøkelseshistoriar på Zoom
Skru av lyset, finn fram lykta og start forteljarkvelden.
Kven greier å skremma dei andre mest?

Ha virtuell filmkveld
For å unngå at heile kvelden går til å leita etter ein film å sjå, kan de sjekke ut vår skrekkfilm-liste, eller kanskje pandemi-tema er betre?
Så er det berre til å finne fram popkornet og melde frå til venene dine.
Netflix har ei eiga løysing for samstrøyming, elles kan ein bruka den gode gamle: 3, 2, 1-metoden og setje på filmen samtidig sjølv. Bruk chat til å kommentera undervegs!
Graskar-konkurranse
Nytt høvet til å perfeksjonera utskjeringsevnene!
Inviter til konkurranse, og ta gjerne heile seansen på videochat for å sjå korleis dei andre strevar – eller kanskje kan du stele eit tips og to?

Kostyme-konkurranse
Om du uansett skal henge med folk virtuelt, kan du gjere det meste ut av det med å køyre virtuell kostymekonkurranse.
Kven får spreidd mest kreativitet og perfeksjonerte kostymer gjennom skjermen?
Og kanskje det er lov å bruka bakgrunnsbilete som tilbehøyr?

Lag ditt eige kostyme
Det kjem ein dag i morgon, og ein gong må det bli mogleg å gå ut og vise kreasjonane sine for alle!
Sørg for at du er klar, og lag ditt eige kostyme!
- Treng du inspirasjon, kan du prøve deg på dette manet-kostymet:
Lær deg ordentleg Halloween-sminke
Kanskje dette er året for å legge inn all innsats på ansiktet?
Det er trass alt det ein ser mest av på videochat.
- Treng du tips kan du bli inspirert her: Slik fiksar du Halloween-sminken

Legna Tesselly Disla Jiménez og Janne Desiree sminkar seg sjølv til Halloween, og deler sine tips. Foto: Javier Romero/privat
Bli kjend med andre tradisjonar
Bruk tida på å læra meir om dei ulike halloween-tradisjonane rundt om i verda.
Día de los Muertos i Mexico, Samhain i Ireland og Scotland, Dzień Zaduszny i Polen eller spøkelsesfestivalen i Aust-Asia.
Kanskje finn du litt inspirasjon du vil ta med i di feiring?

Elles kan du sjå The Halloween Tree, ein teiknefilm der ein lærer meir om opphavet til halloween rundt om i verda. I Pixar-filmen Coco feirar dei Dia de los muertos.
Dekorer heime
Aldri har det vore større grunn til å pimpe opp både ute og inne. Her er det berre fantasien som set grenser! (Berre prøv å ikkje skremme naboane altfor mykje!)
Du kan laga skremmande og ekkel mat å dekorera med, skumle lykter eller anna interiør, og om du lagar noko som varar kan du jo ta det fram att neste år!