«I fjor tok Uganda imot 133.366 nye flyktningar, fleire enn noko anna land i verda»

Sunniva Roligheten
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi har alle vener som er fødd i eit anna land, eller har foreldre som er det. Eller kanskje du eller dine foreldre er fødde i eit anna land. Verda er full av folk som er fødde ein annan stad, uansett kva vi måtte tykkje om det.

Folk vel å forlate fødelandet sitt av mange ulike grunner. Ofte handlar det om enkle ting som ikkje er dramatiske i det heile tatt, men for andre handlar det om liv og død.

Nesten 80 millionar på flukt

Mange på flukt har opplevd ting dei fleste av oss heldigvis slepp, og mange slit med vanskelege tankar i etterkant. På flukt blir trygge sosiale band ofte øydelagde, og einsemd og utryggleik kan bli resultatet for mange unge flyktningar. Det er vanskeleg å takle vanskelige tankar åleine, i eit nytt land, utanfor dei vanlege, tryggje rammene.

Akkurat no er nesten 80 millionar menneske på flukt, og sjølv om det er lett å tenkje at dei fleste kjem til Europa, så stemmer ikkje det. Dei fleste flyktar til nabolanda sine. I fjor tok Uganda imot 133.366 nye flyktningar, fleire enn noko anna land i verda.

Blodig borgarkrig

Millionar av menneske frå Sør-Sudan flykta til Uganda, frå ein blodig borgarkrig. Kort oppsummert handlar konflikta om ei blanding av politikk, makt, ressursar og etnisk tilhøyrsle.

Dette er ikkje ein historie om dei gode mot dei vonde

Dette er ikkje ei historie om dei gode mot dei vonde, men ei historie om ein krig som øydelegg liva til vanlige folk. Mange har opplevd drap og mishandling, og slike erfaringar følgjer eit menneske gjennom livet.

Dersom vi er veldig redde over lang tid skjer det noko i kroppen, med tankane og følelsane våre. Hjartet slår fort, kanskje du byrjar å svette eller blir kvalm. Det kan bli vanskeleg å få sove og kanskje får ein mareritt om det som har skjedd, eller om ting ein er redd for at skal skje i framtida.

Vanskeleg skulegang og konfliktar

Når vi er redde er det vanskeleg å lære nye ting, det er liksom ikkje plass til noko anna i hovudet. Konsentrasjonen blir borte og vi kan oppleve det som at vi ikkje har kontroll på livet. Då kan det vere vanskeleg å gå på skulen.

Heldigvis har menneske god evne til å kome seg vidare sjølv etter mange og alvorlege opplevingar. Men det vil ofte krevje at det finst støtte, hjelp og forståing.

Desse tinga finst det ikkje alltid mykje av i flyktningleirar.

Flytningområda er fulle av folk frå alle dei samme gruppene som drep kvarandre i heimlandet

Mange av flyktningane frå Sør-Sudan kjem til nye konfliktar og vansklege situasjonar i sine nye heimland. Det kan oppstå konflikt med lokalbefolkninga, og av og til oppstår konfliktar mellom ulike etniske grupper i flyktningområda.

Flytningområda er fulle av folk frå alle dei samme gruppene som drep kvarandre i heimlandet. I Nord-Uganda, har fleire sørsudanske flyktningar blitt drepne og såra, og hundrevis har mista heimane sine etter konflikter med andre etniske grupper frå fødelandet.

24 prosent av unge flyktningar går på skule

Skulegang er også mangelvare for flyktningar. På verdsbasis går 84 % av unge på ungdoms- eller videregåande skule. Blant flyktninger går berre 24 % på skulen.

Det er ikkje lett å organisere skulegang for barn og ungdom i flyktningleirar. Lærarar og skular kostar pengar, og kven har eigentlig ansvaret? Og kven bryr seg? Altfor få, diverre.

Dette er ei av vår tids største flyktningkriser

Utdanning skaper moglegheitene i livet, og flyktninger har dessverre sjeldan tilgang til skule. Unge utan utdanning er livet fullt av hinder.

Det er derfor årets Operasjon Dagsverk støttar traumebehandling, dialogarbeid og utdanning for ungdom på flukt fra Sør-Sudan. Dette er ei av vår tids største flyktningkriser, men noko nesten ingen kjenner til. I tillegg er det akkurat dei prosjektet skal hjelpe, som vert ramma aller hardest av korona.

Uansett om vi er fødd i Noreg, Uganda, Sør-Sudan eller på flukt har vi alle draumar og ambisjonar. Då er det ufatteleg urettferdig at vi ikkje har dei same mogelegheitene til å nå dei draumane også.

Årets OD-prosjekt skal støtte 10.000 ungdommar verda har gløymt, og skape moglegheiter slik at vi alle skal kunne leve ut potensialet vårt.


Leiar i Operasjon Dagsverk, Sunniva Roligheten, gler seg over at såpass mange gjennomfører Operasjon Dagsverk til inntekt for Sør-Sudan. Foto: OD