Då eg var 20: Kjetil André Aamodt gjorde comeback etter ti veker på sjukehus

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg var 20 år gamal var eg ein ganske usikker gut på mange måtar, men eg var veldig glad i idrett, fortel Kjetil André Aamodt på telefon til Framtida.no.

Han skildrar seg som ein «inadvendt gut med korte sosiale antenner», som på det tidspunktet hadde slutta på skulen og satsa alt på idretten.

I desse dagar er Kjetil André Aamodt aktuell som programleiar i Familiens ære, der nokon av våre største idrettsheltar konkurrerer side om side med borna sine.

Satsa alt på eitt kort

I 1991 hadde Aamodt allereie kome inn på landslaget i alpint, noko som innebar mykje treningstid hjå Olympiatoppen og timesvis i skibakken. Det var ein til to treningar dagleg, samt 250 reisedagar i året.

– Eg satsa alt på eitt kort og var heldig og fekk det til tidleg. Men eg var òg usikker og baserte sjølvkjensla mi på å vere best i idrett, noko som er ganske sårbart, reflekterer 49-åringen.

Kjetil André Aamodt (20) på veg til trening under OL i Albertville i februar 1992. – I hovudet er eg som før, men energinivået er lågare, ein er meir trygg på seg sjølv og avslappa, seier Aamodt (49). Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB / NTB

20 år gamle Aamodt hadde flytta for seg sjølv i ein toromsleilegheit på Kringsjå. Nettverket var lite og bestod for det meste av idrettsfolk, alpinistar og nokre tidlegare skulekameratar.

– Hugsar du kva som skjedde?

– Ja, eg møtte min første kjærast det året. Ho jobba på idrettsforbundet i resepsjonen, minnest Aamodt.

Kyssesjuka og Filofax frå Kjus

Det året fekk også Aamodt kyssesjuka. Han vart så dårleg at han vart innlagt på Ullevål sjukehus i ti veker og gjekk ned 13 kilo.

Etter seks-sju veker kom han tilbake og tok sitt første OL-gull i februar 1992. 20-åringen kunne jubla øvst på pallen i Super G og tok bronse i storslalom i Albertville.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Eg hugsar 20-årsdagen min, faktisk. Eg hadde noko i leilegheita mi på Kringsjå. Eg hugsar eg fekk ein Filofax av Lasse Kjus og eg lurer på om det var ei lita surprise-greie med nokre gamle venner frå Holmlia, nokre frå alpinlaget og nokre vener av kjærasten min.

Her er Kjetil Andre Aamodt (t.v, Lasse Kjus og Harald Chr. Strand Nilsen fotografert nokre år seinare under OL i Lillehammer 1994, som var første året sommar og vinter OL gjekk kvar for seg. Foto: Calle Törnström / NTB

Dårleg studiesamvit

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Ja, då var eg jo allereie det eg hadde jobba for å bli. Men sjølv om eg var alpinist hadde eg tankar om kva eg eigentleg skulle gjere når eg blei stor, minnest Aamodt.

Han hadde ikkje fullført artium og jobba stadig med å ta eksamenar for å på sikt studere ved sida. Planen var ikkje heilt klar, men Aamodt såg føre seg å studere økonomi eller noko anna ved sida.

– Den ambisjonen om bli noko meir enn berre å driva med idrett, og det dårlege samvitet varte til eg blei 30.

– Sjølvironien må på plass

Toppidrettsutøvaren skildrar seg sjølv som ein fyr som tenkte ganske mykje og var takksam for livet han hadde. Han treivst godt med å reise på gutetur 250 dagar i året og sjølv om det til tider var slitsamt, var det noko han hadde lyst til.

– Det fine med det er at ein heile tida har langsiktige mål og noko å rette seg etter. Så er det eit kick å stå på eit fjell, men det er ei boble, seier 49-åringen.

Allereie då reflekterte han over kor han ville vera når han var 50 år og han har opparbeidd seg ein del erfaringar som kunne kome godt med.

– Først og fremst handlar det om at ein ikkje må vere så sjølvopptatt, at ein ikkje tenkjer på «Korleis framstår eg no?» seier Aamodt, som har erfart at folk ikkje tenkjer så mykje på kva andre gjer.

– Sjølvironien må på plass så tidleg som mogleg. Om du kan le av seg sjølv, då blir livet mykje lettare.

Investere i framtida

Toppidrettsutøvaren fortel at han har øydelagt for seg sjølv med høge skuldrer og frykt for å mislykkast, men trur ikkje gode råd kan erstatta erfaringa.

– Det er ein del ting ein kunne gjort annleis i måten ein behandlar folk og det å investere i framtida, men det er veldig lett å seie no.


Tore Stømøy gjesta Lindmo tidlegar i februar i samband med den nye sesongen av Tore på sporet, men i 1980 var 20-åringen meir oppteken av kappgang og musikk enn sakna familiemedlemmar. Foto: NRK/Privat