Då eg var 20: Tore Strømøy trente kappgang døgnet rundt, men gjekk glipp av OL i Moskva

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var truleg på treningsleir i Mexico city og trente døgnet rundt. Dette var vinteren før OL i Moskva, og eg hadde sett norsk rekord på 50 km kappgang, og trente for mi første OL-deltaking, skriv Tore Strømøy om kor han var som 20-åring.

I februar 1980 vart den folkekjære Tore på sporet-programleiaren frå Frøya i Trøndelag 20 år gamal, og lite visste han om kor mykje planane hans skulle endrast.

Korleis var kvardagen?

Eg var ferdig med gymnaset året før (samfunnsfaglinja) og hadde begynt i militæret. Først på Hysnes fort, og på vinteren var eg på Persaunet leir i Trondheim, kor eg fekk god tid til å satse på idretten.

Tore Stømøy (t.v.) og Erling Andersen trente begge til OL i Moskva 1980, men fekk beskjed om at deltakinga rauk på grunn av boikott. Foto: Privat

Hugsar du kva som skjedde?

Eg veit i alle fall at OL blei boikotta av Noreg og Vesten på grunn av Sovjetunionens invasjon i Afghanistan. I same tid som boikottvarslet kom frå USA og Vesten, kantra vel Alexander Kielland-plattforma. Men eg var då i Mexico og fekk ikkje så mange nyheiter der eg var. Intet nett eller iphonar den gong.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

I den tida spelte eg nok mykje musikk. Bruce Springsteen og Supertramp var favorittane. Dessutan spelte eg sjølv. Hadde spelt i band, og dreiv og laga musikk sjølv også.

Femtealbumet The River (1980) gjorde Bruce Springsteen til verdsstjerne og toppa listene både i Noreg, USA og Storbritannia:

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, ikkje i det heile tatt. Kan ikkje ha vore særleg minnerikt.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det er heilt klart at OL-deltakinga i Moskva rauk. Vi fekk beskjeden om boikott same dag som vi reiste heim frå Mexico. Hugsar vi reiste direkte til Russland og deltok i konkurransar. Fekk også prøvd dekket på Lenin Stadion (OL-stadion) i Moskva. Vi fekk førstesideoppslag i Dagbladet fordi vi reiste til Sovjet.

Noreg boikotta sommar-OL i Moskva med 73 mot 57 stemmer, på grunn av Sovjetunionen sin invasjon i Afghanistan. Her frå opningsseremonien på Lenin stadion. Foto: EPU / SCANPIX

Visste du kva du skulle bli i livet?

Nei, det visste eg nok ikkje. Men eg ville bli musikar. Lage musikk, dra rundt og spele. Plater osv. Det, og å bli verdas beste kappgjengar. Eg gjekk alltid 110 % inn for alt eg starta med.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Den gong var alt berre spanande, og eg hadde sikkert 1000 idear og planar. Men akkurat rundt 20 var det berre idrett og musikk det handla om. Tenkte ikkje så langt fram akkurat.

Som 20-åring gjekk Tore Strømøy 110% inn for alt han gjorde. Foto: Privat

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg trur nok eg ville vore litt stolt over at ein gut frå den ytterste nøgne ø torde tenkje så utradisjonelt, og ha så tru på eigne idear.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Slutt med kappgangen og sats alt på musikken. Og fortsett å gje 110% i alt du gjer. Pluss ikkje ver redd for å drite deg ut. Det å gå på trynet er ei viktig brikke i å lære å takle livet.

I 1986 reiste Harald Eia frå Rykkinn i Bærum til Blindern for å studere filosofi. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter/NRK, privat